Ny styresekretær og fitjarbu Bjørn Haaland signerer diplomet saman med styreleiar Haldri Karin Engenes. Til høgre Torastatuetten laga av Os-skulptør Arne Mæland
Ny styresekretær og fitjarbu Bjørn Haaland signerer diplomet saman med styreleiar Haldri Karin Engenes. Til høgre Torastatuetten laga av Os-skulptør Arne Mæland Foto: Håvard Hammarstrøm

Toratreff om negativ sosial kontroll

Laurdag går det 11. Toratreffet av stabelen i Moster Amfi. Tema er møte mellom kulturar og negativ sosial kontroll.

Årets prisvinnar er filmskapar Iram Haq frå bydelen Stovner i Oslo. Ho er ikkje minst kjent for filmen «Hva vil folk si», som er inspirert av Haq si eiga livshistorie.

Filmen, med negativ sosial kontroll som hovudtema, hadde verdspremiere på Toronto internasjonale filmfestival i 2017. Hennar første film «Jeg er din» fekk svært gode kritikkar og vart prislønt, men det var med «Hva vil folk si» ho verkeleg slo igjennom internasjonalt. Filmen fekk strålande kritikkar.

– Me har lenge snakka om dette med å sjå ulike kulturar, likskapar og ulikskapar, og korleis desse bryner seg mot kvarandre. Me merka oss ved filmen «Hva vil folk si», seier styreleiar Haldri Karin Engenes.

– Eg såg filmen litt tilfeldigvis i Bergen før eg vart med i styret. Filmen gjorde sterkt inntrykk på meg, seier den nye styresekretæren, Bjørn Haaland.

NRK-profil som debattleiar

Alle prisvinnarar blir inviterte til å komme på det årlege Toratereffet i samband med Mostraspelet i Moster Amfi. Haq er oppteken med innspeling av ny film, og hadde ikkje høve til å komme, men det vil bli synt film av Haq under Toratreffet, der ho takkar for prisen.

– Spennande å velja ut prisvinnarar med hjelp og forslag frå 50 Tora-ambassadørar
– Spennande å velja ut prisvinnarar med hjelp og forslag frå 50 Tora-ambassadørar Foto: Håvard Hammarstrøm

Sjølv om prisvinnaren berre er med på film, ligg det an til å bli eit interessant program.

Etter velkomst av styreleiar Engenes, blir det utdeling av Torastatuetten og tale frå Haq. Etter ein «minglelunsj» blir det paneldebatt med tema negativ sosial kontroll under leiing av NRK-programleiarPer Vidar Raunholm. I panelet sitNancy Herz,Esperanza Diaz,Ane Nydal ogCamilla Ahamath.

Under vegs blir det kulturinnslag ved Bømlo kulturskule og koretKling.

Tora Mostrastongprisen

Tora Mostrastongprisen blir delt ut til ei kvinne som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats, lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. Prisen blir delt ut i Tora Mostrastong si ånd. Mostrastong (om lag 910-970) var ei sterk kvinne, og mor til kong Håkon «den gode».

Juryen ser etter ein prisvinnarar som har styrke, mot, syner omsorg, arbeider for menneskeretter og likeverd, har evne til å vera ein kulturberar og samfunnsbyggjar, og evne til å skape mellommenneskeleg forståing og toleranse.

Artikkelen held fram under annonsen.

I grunngjevinga for tildeling av årets pris heiter det at Haq set søkjelys på problem som oppstår når ulike kulturar møtest, og der kommunikasjon og integrering ikkje fungerer. Det blir altså særskilt synt til filmen «Hva vil folk si». Billettar til Toratreffet er tilgjengelege for alle.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no