Solidaritetsløp: Her rullar det pengar inn for kvart steg. Foto: Ingvild Sjo

— Vil så gjerne at verda skal bli litt betre

Solidaritetsløp hjelper på. I alle fall litt.

Laurdag hadde Bømlo Folkehøgskule Solidaritetsløp ved Kulleseidkanalen. I halvannan time sveitta dei rundt i ei 450 meter lang løype. Att og fram, att og fram.

— Målet er å springa flest mogeleg rundar på denne tida, og då vil sponsorane våre betala ein sum for kvar runde, forklarte elevane før lærar Kjetil Bergen Falk ropte klar — ferdig — gå, og heile flokken kom av garde.

Blant dei ein elefant, David Christopher Brandham.

— Eg har kledd meg ut som elefant, fordi eg går på afrikalina, og laget vårt spring for ein ungdomsheim i Cape Town, sa han. Etter ein runde blei den tjukke elefantdrakta i varmaste laget.

Utkleding og ablegøyer er ein del av løpet, og læraren stod på sidelina og heia saman med assistent Julian Rein-Helliesen som hadde ein vond fot og fekk gjera nytte av seg som sekundant.

I følgjet var det òg nokre blodige pasientar. Det var elevar ved lege- og sjukepleiarlina. Dei sprang til inntekt for Leger uten Grenser.

— Fordi me synest det er ein veldig bra ting det Leger uten Grenser gjer. Dei er ute der folk verkeleg treng dei og hjelper til, sa Oda Aasen.

— Fy, søren. Dette er ein så fin gjeng! Alt er så enkelt, og dei berre kosar seg, rosa læraren medan elevane fekk inn pengar til desse prosjekta:

Global Solidaritet Afrika: Barneheimen Maisha Mema i Kenya. Barneheimen Arise and Shine i Uganda.

Lege og sjukepleiarlina: Leger uten Grenser.

Artikkelen held fram under annonsen.

Miljø og Bærekraft: Rivers Global.

Kyst og Fjell: Under planlegging.

Vill Vest: Ungdomsheimen Beth Uriel i Cape Town og Impande, som byggjer skular og barnehagar i fattige område i Sør-Afrika.