«Den norske utvandringens far», Cleng Peerson, er rekna som den første som vandra til Amerika. Det seiast at Tysværingen reiste til USA i 1821 på oppdrag frå kvekarane i Stavanger, for å undersøkja forholda for immigrantar.

Utvandringa gjekk føre seg gjennom resten av 1800-talet, men skaut verkeleg fart i 1866, som er rekna som den første bølgja av masseutvandringa. Dampskipa, som var i full utvikling gjennom heile 1800-talet, kunne frakta passasjerar over Atlanteren på litt over ei veke. Samanlika tok, den langt meir farlege, turen i seglskip litt over to månadar.

Den andre bølgja av utvandring er rekna frå 1879 til 1893. I denne perioden utvandra det på det meste 28.000 menneske i året, i 1882. I heile perioden er det rekna at 250.000 menneske utvandra frå Noreg.

Den tredje bølgja er rekna som det første tiåret på 1900-talet.

Det er rekna at om lag ein fjerdedel av dei som vandra ut av landet, returnerte.

Homestead Act

Ein føderal lov som kom i 1862, sa at alle som var amerikanske borgarar eller som hadde søkt borgarrett, hadde under visse vilkår rett på eit gratis jordstykke på om lag 647 dekar. Etter fem år fekk nybyggjaren full eigedomsrett. Lova hadde mellom anna som mål å auka innvandringa til dei vestlige statane. Noko som mange nordmenn tok sikte på.

At bygdene i Noreg var overbefolka, spelte truleg ei rolle i utvandringa. Nauden var også stor, men truleg ikkje større i Noreg enn resten av verda. Noko av lysta til å kryssa Atlanteren og søkja lukka i Amerika, var truleg også knytt til at andre hadde reist og lukkast. Når breva og historiene nådde Noreg, blei andre freista til å prøve.

Amerikavandring: Eit julekort sendt heim til Noreg frå Amerika. Foto: Nasjonalbiblioteket

Økonomisk krise

I 1814 blei Noreg lausrive frå Danmark, og fekk sin eigen grunnlov. Dei første åra etterpå er omtala som den verste økonomiske depresjonen landet har opplevd. Mange levde berre så vidt over sultegrensa.

I 1830 forbetra økonomien og dermed levestandaren seg. Dette var i stor grad grunna vekst i eksportnæring, skipsfart, industrialisering og jordbruk.

Økonomien var stabil i mange tiår, men i 1873 kom ein ny økonomisk krise som varte i seks år i Europa og fire år i USA.

Norsk kultur

Mange av nordmennene som reiste over, var truleg ikkje flinke å integrera seg. Dei laga seg små norske samfunn, der dei hadde norske butikkar, frisørar, kafear, klubbar og liknande.

Dei bygde også sine eigne kyrkjer, og i 1910 er det rekna at det var kring dobbelt så mange norske kyrkjer i amerika, som det var i Noreg.

I 1906 vart det også etablert ein norsk ambassade i Washington D.C. I dag har denne ambassaden kring 50 tilsette.

Forbodstida

Frå 1917 reiste byrja nordmenn i større grad å emigrera til Canada. Dette var både av di Amerika i 1917 prøvde å avgrensa innvandringa, og grunna dei mange lovene som følgde forbodstida i Amerika.

I dag er det rekna at det bur om lag 4,6 millionar norskætta i USA. Noko som utgjer 1,6 prosent av folketalet. Halvparten av dei bur i midtvesten.