Drøymehage: Arne Ingvald har bygd opp ein fin tursti rundt eigedommen. Her kan ein gå langs mange forskjellige planter, men det er rododendron-buskane som har fått mest plass. Foto: Carina Wangensten

Bli med inn i drøymehagen til Arne Ingvald og Sølvi Marit

— Eg var eigentleg ikkje noko hagemenneske, seier Arne Ingvald Monsvik, medan han gjev bladfyken ein omvising i det som med tida har blitt ein enorm og fantastisk hage som han og kona har bygd opp på eigedomen deira på Aga.