Me skal møta Karl Spissøy, ein ivrig turgåar med lokalhistoriske interesser. Med ein far frå Spissøy og med eit brennande engasjement, veit han det meste som er å vita om øya.

Bilvegen er smal og skilt langs vegen fortel oss at me må sjå opp for sauer som går fritt. Me humpar over ei ferist, og fortset forbi snuplassen, den einaste parkeringa for oss besøkjande på øya. Me passerer små gardstun, ei av dei Gjertastova. Karl fortel at det må nok vera eit av dei eldste husa i Sunnhordland. På det meste budde det tre huslydar inne i den vetle stova og den har stått her i mange hundre år.

Vidare passerer me Almen, eit prakteksemplar av den edle tresorten. Treet er gammalt, og før, når det var det smått med vegetasjon på øya, var det staselege og majestetiske almetreet eit kjent landemerke for Spissøy for dei som kom sjøvegen.

For det er sånn me må tenkja. Før i tida, før bilar og vegar og alt moderne greier me har i dag, var leia i sunnhordlandsbassenget rekna som dagens E39 fortel Karl Spissøy:

– Her har vore yrande liv opp gjennom åra. Her har skottar og hollendarar ankra opp med seglskutene sine, her har vore gjestgjevarstad, truleg frå tidleg 1300-talet. Så avhengig som folk var av båtane sine, så må Spissøy ha vore ein naturleg stoppestad, anten for kortare eller lengre opphald.

– Til og med den kjente Gjest Baardsen skal ha vore her og grove ned ein skatt, men det er ei anna historie, legg han lurt til.

Fangavikjo

Så er me plutseleg der. Me stig ut av bilen og blir nok ein gong slått i bakken av harmoni og idyll. Den storslåtte utsikta med sølvblenkjande fjord føre snøkledde toppar på andre sida. Fuglekvitter og eit hav av påskeliljer ligg som næraste nabo til der det heile skal ha skjedd. Båtar ligg og duppar søvnig i den milde brisen og ingenting røper dei fæle løyndommane som er gøymd her utanom namnet: Fangavikjo var nemleg den gamle avrettingsplassen her i området.

Fangavikjo: I dag ligg det båthamn og hytter der det heile skal ha skjedd for så lenge sidan. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Slik skal det ha skjedd

I dag er det vanskeleg å forstå kva som har skjedd her i tidlegare tider. Dramatikken som må ha skjedd akkurat her som det er så fredeleg, er umogeleg å forstå.

Året er 1728 og ei kvinne med namn Ølog Knutsdotter har komme i den verst tenkelege situasjonen ei kvinne kunne komme i på den tida. Ho arbeidde som taus for Lars Jørgenson og hans familie, og no venta ho barn. Barnefaren var ingen andre enn Lars Jørgenson sjølv og fortvilinga Ølog må ha kjent på må ha vore enorm. Då ho kom på tomannshand med Lars og fortalde om det utenkjelege «blef hand ilde tilfreds og bad hende tige og det at ej aabenbare». Ho fekk altså inga hjelp og måtte gå gjennom eit svangerskap heilt åleine, og gjera alt som sto i hennar makt for ikkje å røpa løyndommen.

Om ho klarte å halda det skjult svangerskapet gjennom veit me ikkje sikkert, men det me veit er at då tida var kommen og riene sette inn skal Ølog ha lista seg vekk frå huslyden og ut i utmarka. Då mørkret kom fødde ho eit barn, og i si store fortvilinga såg ho ikkje anna val enn å leggja barnet frå seg i ei røys der ute i den svarte, einsame natta.

Ho må ha vore utsliten, redd og fortvila. Og det skulle bli endå verre. For då sola rann morgonen etter la folk på garden merke til fuglar som oppførte seg merkeleg i ei røys i utmarka. Dei dreiv å pikka i noko som låg i røysa. Den vetle forlatne barnekroppen blei oppdaga og løyndommen var no umogeleg å halda. Det kom for ein dag kven som var foreldre, og begge to vart stemnde for retten.

Høveleg straff i dei tider

Lars, som var den skyldige barnefaren, måtte betala for ugjerninga med 18 månader med straffarbeid i Bergen Festning. Etter det var han ein fri mann, og fekk leva fram til han var 90 år, noko som må ha vore ein høg alder i landet i dei tider.

For kvinner var livet hardt og brutalt om ein kom i ein slik utenkjeleg situasjon som å få barn utanfor ekteskapet. Det var synd og måtte straffast slik at andre kunne ta lærdom å ikkje bli freista til å gjera slike ugudelege gjerningar. Ølog vart sett i lensmannsarresten og der sat ho fram til 1736. Då hadde Lars vore ein fri mann i fleire år. Dommen hennar blei anka, men ho måtte straffast, og det hardt.

I Fangavikjo skulle ho halshoggast og hovudet skulle setjast på stake på Grønaneset. Det skulle minna forbipasserande om kva dei kunne venta seg dersom lystene fekk ta overhand.

Og slik blei det. I den vetle vika der bakken såvidt har byrja å bli grøn, der sjøen dovent skyl mot dei kvitskurte steinane skal ho ligga. Kroppen blei begravd der i Fangavikjo, og på Grønaneset, der ein har vidt utsyn over fjord og fjell, fiskebåtar og fraktefart skal hovudet ha stått med håret vaiande i vinden heilt til det datt ned av seg sjølv.

Ølog Knutsdotter skal ha vore den siste som vart avretta på Spissøy. Den dag i dag seiast det at ein ikkje bør opphalda seg i området etter det har blitt mørkt, for ho ligg her visst enno, den stakkars einsame Ølog som for så lenge sidan måtte betala prisen for å vera kvinne fødd i feil tid.

Grønaneset: Her skal staken med hovudet ha stått. Alle skulle kunne sjå det slik at dei lærte av Ølog sine gjerningar og ikkje let lystene få overtaket. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Kjelder: Sunnhordland årbok, Meir enn sirup (av Kristine Sele)