Ein positiv realist: Linda Nøstbakken er ei positiv dame, som ikkje er redd for å hoppa på dei mogelegheitene livet byr på. Foto: Carina Wangensten Håvik

Ho er bømling, forskingsdirektør i SSB og rett og slett elskar samfunnsøkonomi

Linda Nøstbakken har vore glad i samfunnsøkonomi sidan ho fyrst vart introdusert for det på Bømlo vidaregåande. No har ho stilling som forskingsdirektør i SSB, og stortrivst blant dyktige forskarkollegaer.