Journalist og bømling Lars Inge Staveland var på jobb i Oslo sentrum då bomba gjekk av utanfor regjeringskvartalet 22. juli 2011. Foto: Carina Wangensten

Ei uverkeleg hending, som skulle bli ein grufull realitet

Det er fredag ettermiddag, og klokka nærmar seg tre. Journalist Lars Inge Staveland sit på jobb i Postgirobygget i Oslo. Han skundar seg for å bli ferdig med alt han skal gjera før han kan ta ferie. Lite veit han kva tragedie som skal skje, berre få timar seinare.