Privat
Privat

Eit sterkt næringsliv er viktig for god velferds- og samfunnsutvikling!

Bømlo Senterparti er svært opptatt av å sikra god utvikling av heile Bømlo. Ein god vidaregåande skule er veldig viktig for å få dette til.

Me har i seinare tid hatt ein solid runde med forskjellige aktørar og snakka med bedrifter, eigarar, ansatte og folk i skulen om utvikling av Bømlo og behovet for kompetanse og yrkesopplæring for at ein skal lukkast med ei positiv langsiktige utvikling. Me fokuserer sterkt på dei fundamentale forhold som skal gjera Bømlo i stand til og utvikla seg videre i åra som kjem. Det viktigaste er at bedrifter får mogelegheiter til å utvikla seg i tråd med samfunnet sine behov. Folk må ha arbeid, unge må kunna ta seg utdanning og skaffa fagbrev. Får me det ikkje til, vil dei unge sjå seg om etter andre plasser å etablera seg. Det er ofte slik at det er dei store bedriftene som drar det største lasset og fleire andre kan bli med. Det er et godt eksempel med klynga i Rubbestadneset som har gode mogelegheiter dersom den videregåande skulen med yrkesfag består og klara og utvikla seg i lag med behovet nærlinglivet lokalt og regionen rundt.

Bømlo Senterparti har besøkt og vore i samtaler med mange for å sikra god treffsikkerhet med planane for opplæring. Eit godt samarbeid mellom kommune, næringsliv og det nye Vestland fylke er avgjerande viktig for å få til eit linjetilbod som er tilpassa næringslivet på Bømlo sine behov, utdanningsmogelegheiter for lokal ungdom og framtidig positiv utvikling for Bømlo samfunnet. Her er ein desentralisert skulestruktur nøkkelen for å lukkast. Det er Senterpartiet sin politikk!

Me har blant anna diskutert og sett på behova for dei større bedriftene, samt Yrkesskulen, og vil vera med på å sikra at det vert innfridd. Som eksempel på nye muligheter, trengs det teknikarar for vindturbinar, fagfolk innan Naturbruk/Akvakultur. El-kraft og høgspent, kombinasjonar innen auto/el/mekanisk og selvfølgelig mange innan tradisjonelle faggrupper som eksisterar i dag.

Framtida vil kreva ei kraftig elektrifisering av mange ting i samfunnet og der ligg mange Bømlo bedrifter langt framme i utviklinga. Leveranser langt utafor Norges grenser vil også bli ein realitet dersom ein gjer dei rette grepa no. Behovet for fagarbeidarar i vår region er stort og vil auka i åra som kjem. Både nye grupper og som erstatning for pensjonering av dagens arbeidsstokk.

I LOS- gruppa er det i dag ca 350 ansatte og det er venta å auka med ca 100 ansatte med ny dokk og mange nye oppdrag innan sine andre satsingsområder. Endå meir i sikte i åra som kjem. Oppdrett og sjømatsektoren har mange hundre ansatte og er i god vekst framover. Dei har behov for kompetente og motiverte medarbeidarar med utdanning innen Naturbruk/Akvakultur og det er viktig at me får ei linje for dette i Rubben. Kunnskap innen fiskehelse, for, foredling og nye verdikjedar er svært viktig for framtida. Skal Norge 5-doble sitt volum innen sektoren, må Bømlo vera klar til å ta sin del av denne veksten. Fiskeflåten tilhøyrande Bømlo er og i vekst og treng gode folk framover. Fiskerihavn med ei rekkje tilhøyrande tjenester er et viktig satsingsområde. Her kan fiskemotak, produksjonlinjer, behandling av råstoff og avfall kan bli ei næring m.m.

Fornying og utvikling innan matproduksjon i landbruk, husdyrhald, grønt/frukt m.v. vil og ha ei god framtid her på Bømlo, dersom me forvaltar jorda og arealet vårt godt. Det jobbar Senterpartiet for.

Tar med eksempel i Equinor, er det i dag om lag 6 000 fagarbeidarar. Dette på plattformer utafor kysten vår og på anlegga som Kårstø, Mongstad, Sture og Kollsnes. Det er venta at ein serie med vindturbinar vil dukka opp i havet og kreva flinke teknikarar som kan bidra der. Også i byggefasen vil det sannsynligvis bli nye behov i vårt område. I tillegg er det selvfølgelig mange andre gode muligheter på Bømlo og deler av vårt nærområde, men ein vidaregåande skule med tilbod som næringslivet etterspør er viktig for å lukkast.

Til det treng me di hjelp!

Godt val!

Senterpartiet

Bjørn Asle Teige

– lokallagsleiar og kandidat

Sammy Olsen

– Ordførarkandidat

Sigrid Brattabø Handegard

– kandidat Vestland fylke