Grøn avis 2022: Den grøne avisa i 2022 Foto: Håvard Hammarstrøm

Framtida sett i eit grønt lys

Denne ferskaste avisutgåva vår, er ei grøn avis. Grøn av farge på sidene, men også i den forstand at så godt som heile avisa er vigd saker som handlar om miljø, og grønare løysingar.

Avisa som du no held i hendene eller les via ein skjerm, syner at mange her på Bømlo er opptekne av dette. Ikkje berre med tanke på eigne tankar og haldningar, men rett og slett i sitt daglege virke.

Her har me soga om moteforretninga som fann ut at dei ville testa ut andre typar posar til varene dei sel enn konvensjonelle plastposar. I tillegg kan ein lesa om matvarebutikken på Finnås som opplever ein enorm etterspurnad etter sine «Too good to go»-pakkar, der tiltaket er å unngå matsvinn.

Me har med oss ein reportasje frå gjenbruksbutikken på Moster, me har fått kjenna på farten i den snøggaste elbåten i verda, tek for oss endringane i taxi-bransjen med overgang til elektrifisering og me snakkar med elevar og tilsette ved Bømlo folkehøgskule om kva det tyder å ha ei drift og eit daglegliv tilpassa statusen som Miljøfyrtårn.

I tillegg har me med i avisa ein reportasje om å driva eit berekraftig gartneri, der driftsforma går føre seg utan bruk av kunstgjødsel, og me har ein reportasje om ein gard der familien driv både med sauer og bier.

Dessutan er me med på ryddeaksjon ute i den store skjergarden her på Bømlo, der dei som no har fått i oppgåve å rydda, må fjerna mange tiår med oppmagasinert plast og anna forureining frå strender og urer på holmar og øyer lengst vest mot storhavet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Energiøkonomisering er in i tida som aldri før, etter at me her til lands sidan i fjor har måtta leva med galopperande straumprisar. Det lokale kraftlaget har fått kraftig vind i segla for si nye solcellesatsing, og dei som har investert i slike anlegg er spent på gevinsten når me går inn i den varme årstida. Me tek dessutan for oss straumkostnadene ved eit av dei største idrettsanlegga i kommunen.

Det er mykje interessant å lesa om i denne grøne avisa. Det grøne skiftet er her allereie, for nokre i større grad enn for andre, men endringa er i gang. Ferda har så vidt starta.