NYTTÅRSFEIRING: Fyrverkeri på Svortland. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Godt nyttår, Bømlo!

«Årets slutt er verken ein slutt eller ei byrjing, men ei fortsetting, med all den visdom som erfaring kan fylle oss med». Slik definerer forfattar Hal Borland nyttår. Me er i ferd med å bla over til eit nytt kalenderår. 2022. Me håper det blir ein rikt og godt år for alle. Eit år som ikkje berre er fylt med fortsetter, men også erfaring og visdom frå året som gjekk.

Me hadde nok alle trudd at 2021 skulle bli annleis enn det blei. At det skulle bli året då me feira slutten på korona-pandemien og tok tilbake kvardagen vår. No blei det ikkje slik. Men det har vore eit fint år likevel, der mykje har skjedd både lokalt og nasjonalt. Om du blar opp på side 10 og 11 i denne avisa kan du sjå nokre av framsidene våre frå året me no legg bak oss. Det er ingen tvil om at 2021 har bragt med seg mykje for Bømlo sin del.

No kan me heldigvis feire saman med våre nære og kjære denne nyttårsaftanen. Me må halde avstand, men likevel så har me altså moglegheit til å seie takk for det gamle og ønske det nye året velkomme, saman med andre. Me er heldige.

Me i Bømlo-nytt gler oss til 2022. Me ser fram til å fortsette å lage gode, lokale saker. Setja lys på dei store og dei små hendingane. Me kjem til å fortsette å satse digitalt, lage endå meir video og nettsaker, men samtidig ta vare på papiravisa. Me har tru på at det neste året vil bli minst like fint som 2021. Så håper me sjølvsagt at me skal få sleppe å lage så veldig mange fleire koronasaker utover i 2022.

Kos deg med denne siste avisa i 2021, og ha eit veldig fint, godt nyttår. Me sjåast igjen i 2022.