Siggjo i solnedgang: N/A Foto: Lene Moss

Ha ei god jul, Bømlo

No har me gjort oss ferdig med advent,

det er tid å setja ei julehelsing frå oss til dykk på prent.

No vonar me at alle held seg friske og raske,

og at de snart er ferdig med alt de skal vaske.

For hugs at jula den kjem og den går,

best som det er feirar me eit nytt år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I denne avisa de no les,

vonar me det er eit godt utval, med høveleg futt og fres.

Her byr me dykk 56 sider med stort og smått,

med nyhende, kultur, litt sport og dosar med anna lesegodt.

Me ønskjer deg som les gode og rolege juledagar,

så kan du gå inn på nett og lesa sakene me i høgtida lagar.

Artikkelen held fram under annonsen.

For medan pakkar skal opnast og pinnekjøt og ribbe skal etast,

held me nettsida i gang, når de vil ha nytt og «forvetast».

Kanskje blir det også tid for litt stille tanka,

når freden seinkar seg litt ut på kvelden og roa du skal sanka.

Litt tankar om alt me har lagt bak oss,

og når pandemien si uro for litt sidan igjen kom over oss som ein foss.

Artikkelen held fram under annonsen.

No må me berre godta at også 2021 hadde sine bølgjer og dalar,

me har det i minne med både uvisse og kvalar.

Så er det likevel slik at me som bur her kjempar og står på,

for i bømlingen sin natur er det jammen mykje godt å sjå.

Både i storm og stille,

legg me kreftene inn til det blir som me ville.

Så god jul Bømlo,

me satsar alt på at denne jula blir trygg og god!