Flott at Bømlo-nytt via ei heil utgave til plast/mikroplast problematikk.

Da eg hadde behov for toppdressing til omlegging av plen kontakta eg SIM Bømlo og blei vennlig oversatt til ein Einar på Fitjar som begeistra kunne fortelja om ei flott sandtilblanda kompostjord som SIM selger som plenjord.

Full av begeistring blei to lass kjørt heim sist laurdag og jevnt fordelt.

Men kva skjedde?

Etter tre - fire gjennomrakinger dukker det stadig opp tynne plaststrimler og ein og annan ordinær- og hardplast, samt enkelte glassbiter.

Eg antar at den tynne plastikken kom frå såkalla biologisk nedbrytbar plastikk som husholdingsavfall samlast i.

Muleg slik plast nedbrytes i ein varm kompost, men kva skjer med den når komposten selges før prosessen er komplett?

Håpar SIM kan svare på denne problematikken, da jorda elles var utmerka å arbeide med. Eller har eg no blitt ein som bidreg ufrivillig til mikroplast-problematikken?

Vennleg helsing

John Olav Alvsvåg