Håvard A. Hammarstrøm

Stord ungdomsråd har fått ansvaret for å kalla inn til første møte i det som skal bli eit heilt nytt Sunnhordland ungdomsråd. Det skjer til hausten. Etter det me kjenner til er det berre i Hardanger ein har noko liknande. Dermed kan det sjå ut til at Sunnhordland er den andre regionen i landet som får eit slikt regionalt råd.

Måndag inviterte ungdomsråda i Stord, Bømlo og Fitjar til Ungdomsrådskonferansen 2012 på Stord hotell. Medarrangør var Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Heile 72 personar tok del i det som var eit særs innhaldsrikt og godt program. Blant dei påmelde var ikkje mindre enn fem ordførarar. Dette syner at ordførarane våre bryr seg om kva dei unge meiner. Det syner også at ungdomsråda blir tekne på alvor i kommunane. Det meiner me er både rett og bra.

Det er berre å ta av seg hatten for dei tre ungdomsråda som skipa til ein så god konferanse. Det vart gode debattar om rutetilbodet til Skyss, kommunesamanslåing  og eventuelle samanslåingar og nedleggingar av vidaregåande skular. Innleiarane fekk bryna seg på gode spørsmål frå dei unge på konferansen. Avslutningsvis kom ungdomsrådsrepresentantane med ei oppsummering av diskusjonane i gruppene. Her vart det tydeleg at meiningane var delte med omsyn til dei tema som var oppe til drøfting.  Men her var også svært mange gode innspel som både ordførarane, ungdomsrådskoordinatorane og representantane frå Skyss bør leggja seg på minnet.

Ungdomsrådskonferansen 2012 synte at det så absolutt vil vera ein stor fordel å få stifta eit Sunnhordland ungdomsråd. Eit slikt råd kan ta opp tema som angår ungdom i heile Sunnhordland. På same vis som Samarbeidsrådet for Sunnhordland kan regionungdomsrådet også få ei sterkare røyst inn mot både kommunar, fylke og sentrale styresmakter om tema som opptek ungdom på tvers av kommunegrensene.

Me håper virkeleg at ein lukkast med skipinga av det andre regionungdomsrådet i Noreg. Me håper også at Ungdomsrådskonferansen 2012 ikkje berre blir eit blaff av ungdommeleg entusiasme, men at konferansen også blir fulgt opp med ein tilsvarande konferanse både i 2013, 2014 og i åra som kjem. At Samarbeidsrådet for Sunnhordland kan stå saman for framtida med ungdommen på denne måten meiner me vil vera ein stor styrke for regionen vår, og dermed også for Bømlo.