Foto: Ingvild Sjo

Kommuneøkonomi før og no ! Svar til Odd Harald Hovland.

Så var det du og eg….. Eg hadde håpa at du stilte i debatten i kulturhuset, og var vel forberedt på å svare deg på ditt avisinnlegg.

Bømlo Høgre styrte Bømlo kommune saman med V, og KrF frå 1999 – 2011, då KrF overraskande hoppa over bekken. Høgre vann jo eigentleg det valet også…

Ja, det var ingen som drøymde at det skulle bli aktuelt å innføre eigedomsskatt i 2007.

Men som mange med meg hugsa så vart Noreg råka av finanskrise i 2008, dette ramma også Bømlo. Me fekk ein auke i arbeidsløysa og ein tilsvarande svikt i kommunen sine skatteinntekter. Uheldigvis så hadde me i den perioden ei rød-grøn regjering som ikkje var villege til å kompensera kommunesektoren for denne uventa svikten i inntekter. Tiltaka som omsider vart sett inn frå staten hadde langsiktige verknader.

Bømlo kommune fekk klar beskjed frå Finansdepartementet v/ finansminister Kristin Halvorsen at dei kommunane som ikkje fullt ut utnytta inntektspotensialet sitt (les eigedomsskatt) fekk reduksjon i inntektsoverføringa frå staten.

Svært mange kommunar var i same situasjon som Bømlo og som då valde å gå for eigedomsskatt som alternativ til store kutt i velferdstjenestene.

I Bømlo kommunestyre vart det difor brei semje (inkludert Ap) om å gå inn for rådmannen sitt forslag om innføring av ein låg eigedomsskatt. (2 promille som gav 12 mill i inntekter).

Svært mange av våre nabokommunar havna i denne perioden på den berykta Robek-lista. Ei gruppe kommunar som har særlege økonomiske utfordringar og som Fylkesmannen har eit oppfølgingsansvar for når det gjeld drift og godkjenning av nye investeringar.

Bømlo kom aldri på denne lista! Hovland sin påstand om at økonomien i Bømlo var «ute av kontroll» stemmer ikkje med verkelegheita.

Rett nok var det tronge tider grunna verknadane etter finanskrisa, men å påstå at ein ikkje hadde kontroll er usant og må reknast som eit valkamputspel og ikkje noko anna.

Så til dette med bruk av kassekreditt og at det måtte til for å betala lønn til dei tilsette.

For det første kan me slå fast at både kommunar og bedrifter har kassekreditt som dei i periodar må bruka for å ta svingingane i betalingstrømmane (pengar inn og ut av kommunekassen). Om desse blei nytta til lønn eller til andre kostnadar har derfor liten praktisk betydning.

Hovudgrunnen til at Bømlo i ein periode hadde bruk for kassekreditt var etter slik eg huskar det den spesielle måten å regnskapsføra kostnadene til pensjonsutgifter på – ein metode som etter nokre år vart endra på frå staten si side. Litt teknisk dette men skal prøva meg på ei forklaring:

Dersom pensjonsutgifter eit år eksempelvis var på 50 mill. så skulle desse utgiftene fordelast på 15 år dvs. at det i regnskapet vart ført 1/15 del av 50 mill. som kostnad mens ein faktisk måtte betala av(likviditeten) dei 50 mill. som kostnaden det året var. Slik hald ein på år etter år med det resultat at kommunen sin likviditet vart svekka målt mot det som regnskapet viste som resultat. Departementet såg etter ein del år at denne ordninga ikkje kunne fortsetja og kom derfor med ei endring på dette.

Litt teknisk dette og vanskelig å forklara på en «enkel» måte men ordføraren veit, eller burde vite etter 8 år i ordførarstolen, korleis dette heng saman.

Du påstår at økonomien var sterkt pressa i 2011, då du overtok. Ja, 8 år med rød-grøn regjering hadde sett sine spor. Ei av reformane som vart innført var samhandlingsreforma (innafor helsevesenet). Som så mange reformer under regjeringa Stoltenberg så var den sterkt underfinansiert.

I det siste budsjettet me laga vart det lagt inn ein gjennomsnittleg likviditet på 50 mill over året! Altså usann den påstanden også.

Me hadde overskot kvart einaste år. Overskottet var ikkje stort, MEN me hadde god vekst og utvikling i kommunen vår.

I vår periode investerte me langt over 200 mill i kultur- og idrettsbygg, bygde fleire skular og rehabilitertebygg. Me stifta BVA og BKE og me skapte vekst og utvikling. Dette resulterte i auke i innbyggjerantalet - og det er me stolte av.

Når du nå spør meg om kor me skal kutte og kva skular og kor mange institusjonsplassar eg skal leggje ned, så vert eg forundra. Eg har respekt for andre folk si lommebok, me tar nå inn 3,7 promille i eigedomsskatt, dette vil me vil redusere gradvis.

I 2018 hadde kommunen 802 mill i driftsinntekter, eigedomskatten utgjorde ca 31.mill. Ein reduksjon på 1 promille er ca 8 mill, dvs litt under 1 % av dei totale inntektene til kommunen. Me har tenkt å drive smartare, vil innføre ny velferdsteknologi og betre løysingar, då slepp me å kutte.

Innlegget ditt er blotta for nytenking og vilje til betre økonomistyring, slik at du stadig må senda rekninga til innbyggjarane. Det er derfor på høg tid at det nå kjem ny politikk og nye tankar inn i rådhuset.

Ragnfrid Sønstabø,

ordførarkandidat

Bømlo Høgre

Her kan du lesa lesarinnlegget til Odd Harald Hovland.