Bremnes kyrkje. Ill.foto Foto: Ingvild Sjo

Kyrkja er her for deg

I denne tida med koronapandemien har me ikkje kunna kome saman slik me pleier. Me har ikkje kunna vore ilag, vore nær kvarandre, eller ete i lag. Det har ført til at mange har vore isolert, nokre som var isolert frå før er blitt meir isolert og nokre meir redde. Sjølv om det framleis er restriksjonar me må forhalda oss til, kan me no komma i lag både i private og organiserte samanhengar.

Me i kyrkja ynskjer deg velkommen til gudstenester og andre arrangement i kyrkjene på Bømlo. Aktivitetane i kyrkja vil alltid fylgje gjeldande reglar for smittevern.

Kyrkja vil heile tida også vera tilgjengeleg gjennom telefon og internett. Du skal alltid kunne få kontakt med oss, også om du treng å dela tankane dine med nokon.

Helsing

sokneprestane Asbjørn Gundersen, Aksel Lygre og Fridleif Lydersen og diakoniarbeidar i kyrkjelydane på Bømlo, Sissel F. Våge.