ungavis: N/A Foto: Pdf

Makalaus ungdom

I dag får du to aviser for prisen av ei. I den avisa me har lagt i postkassen din i dag, ligg ikkje berre Bømlo-nytt, men også utgåve nr to av UNG-avisa. Den første vart til i fjor, midt i det verste koronastyret, der elevane på Stord vidaregåande skule jobba i stor grad heimefrå, men likevel gjennomførte til god stå-karakter. Skulen såg prosjektet som så verdifullt at dei gjerne ville halde fram, og dermed altså utgåve nr to.

Me blir like forundra, og imponerte, i år som i fjor over dei gode sakene elevane har jobba fram. Saker som vedkjem dei spesielt, men som bør få oss vaksne til å reflektera også. Dei har mellom anna gjennomført undersøkingar om heimeskulen og kome fram til konsekvensar som me ikkje har høyrt så mykje snakk om gjennom pandemien: Kva med dei som er elevar på praktiske linjer? Kva praktisk opplæring har dei fått via nettet?

Me har også utfordra dei til å snakka med stortingskandidatar om kva Stortingsvalet vil bety for dei som no skal vidare til studiar? Kva med studentbustader? Korleis kan unge koma seg inn på bustadmarknaden? Gode saker der dei har fått svar hos tre lokale stortingskandidatar. Men unge er også opptekne av mote, av å ta lappen, og av mange andre saker. Det er i hovudsak VG2 som har produsert sakene i UNG-avisa, men også VG1 har vore med og bidratt på ein særs positiv måte.

Me i Bømlo-nytt er både stolte og krye over det me har prestert saman. Og Over dei flotte ungdommane som i dag kan bla gjennom si eiga avis og vita at sakene deira faktisk er publiserte. Me håpar de vil setja pris på den unge avisa, og så ser me fram til vidare samarbeid i 2022! Godt jobba, ungdom! Tusen takk!