Solidaritet: Skribenten oppfordrar oss til å bruke flagget til å vise solidaritet og fellesskap når me ikkje kan møtast personleg. Ill.foto Foto: Ill foto

Me står saman under vårt flagg

Det er store utfordringar i Noreg no. Me er i ein situasjon me aldri har vore i før. Me skal som land bekjempe ei stor krise.

Eg har levd en stor del av livet mitt i Midt-Austen. Med kriser, krig og diktatur som ein del av kvardagen. Eit utrygt liv som gjer at eg så alt for godt kjenner til den usikkerheita mange kjenner på no. Då koronaviruset begynte å spreie seg i Europa for nokre veker sidan, og personar i Noreg vart smitta, fekk eg panikk.

Når eg snakka med venene mine om frykten min, var dei så rolege og meinte at det ikkje er var noko å være redd for, eller å stresse for mykje med. Men eg følte på frykt og angst.

No er situasjonen ein annan. No er det alvor, og mange andre som også kjenner på frykt og angst. Noreg har innført strenge tiltak som påverkar alle. Me veit ikkje korleis dei neste vekene blir. Det er ein situasjon som ingen har opplevd før.

Men no er eg mykje meir beroliga enn det eg var for tre veker sidan. Eg kjenner sjølvsagt på tunge dagar og usikkerheit. No ser me at Svortland blei tomt. Ingen born er ute, dei kjære pensjonistane er ikkje på kafeen og det er ingen ungdommar som samlast. Når Erna Solberg hadde pressekonferanse, kjende eg likevel på ro og tryggheit. Ho reagerer på dei store utfordringane landet står ovanfor no, og viste at ho er bekymra og samtidig brukte kloke ord og trygga folk om å skulle stå saman med oss.

Det er krig. Ein krig mellom menneske og eit virus. Me kan ikkje rømme og flykte til ein annan stad. Me kan ikkje gøyme oss. Men historia har vist at menneskeleg intelligens og kunnskap er i stand til å bekjempe slike utfordringar, og at me kan vinne til slutt. Erna Solberg er ein modig leiar som kan styre godt gjennom denne krigen. Når ho bad folk om å stille til dugnad, var det ei super klok oppmoding. Ein dugnad kor me må være modige, omsorgsfulle, kreative og sterke i denne kampen. Og det gjorde meg trygg!

Det er sterke kjensler eg har i dag, som kjem rett frå hjarta mitt. Og kloke råd som kjem frå vår leiar. Eg vil henge ut det norske flagget og utfordrar alle her på øya til å gjere det same. Det viser at me står samla i denne situasjonen. Mange av oss må sitte i karantene. Me kan ikkje samlast saman i store grupper. Me må avgrense samværet med venene våre. I ei usikker tid viser flagget vårt at me står saman. Me er i same båt, og Erna kan føre båten trygt gjennom denne stormen.

Mvh Maryam Toutouniazar ( Maria Azar)