Måndag 26. august vakna bømlingane til eit fargerikt sentrum. Arkiv
Måndag 26. august vakna bømlingane til eit fargerikt sentrum. Arkiv Foto: Nils-Tore Sele

Regnbogedugnad mot snikhomofobi

Laurdag den 10.august heiste Bømlo kommune regnbogeflagget for å vise støtte til arrangementet Storapride, Stord.

Dette vekte både positive og negative reaksjonar blant innbyggjarane på Bømlo. Men for nokon blei dette ein litt for hard kost. Partiet De Kristne (PDK) melde Bømlo kommune til politiet. Argumentet deira var «brot på flagglova». Det er ikkje fyrste gongen dette skjer. Det same skjedde i Rakkestad kommune i 2018. Rakkestad kommune fekk hard medfart i media då dei vedtok at det ikkje var lov å heise regnbogeflagget utanfor rådhuset. Den gong vart det og vist til flagglova.

Regnbogeflagget er blitt eit symbol på kampen for vår fridom til å elska, og til å elska den me vil. Å bruka flagglova for å avgrensa det verdifulle mangfaldet i samfunnet vårt, er feigt. Det er ein feig måte å kamuflera ein form for «snikhomofobi». Dette er noko me i 2019 bør vera fri for. Når ein ser slike haldningar som burde vere nedskrive i historieboka for lenge sidan, samt observerer at retten til å elska den ein vil blir truga, då er det naudsynt å bruka fridommen og retten ein har til å seie i frå.

Natt til måndag 26.august samla nokre av dei lokale frivillige i Human-etisk forbund seg, samt andre frivillige som hadde tilslutta seg til ein motaksjon. Måndag morgon vakna Bømlo kommune opp til eit fargerikt sentrum som var tapetsert med om lag 300 regnbogeflagg.

I etterkant har reaksjonane vore overveldande. Majoriteten av bømlingane viser tydeleg at dei omfamnar aksjonen. For nokre betyr det ekstra mykje. Ei jente skriv følgjande: «kom ut som lesbisk i januar, og dette varma, meir enn nokon kan forstå. Dette viser nemleg kor langt aksepten for oss skeive har komen lokalt her no».

I lokalavisa Bømlo-nytt skriv leiar 28/8 følgjande; «Det å gå inn på annan manns grunn om natta er likevel å gå vel langt for å få fram at kjærleik er kjærleik, og at flagging med regnbogeflagget på rådhuset må vera lov.» Me svarer med å sitera straffelova: «Etter straffeloven § 268 er det forbudt å ferdes hos «en annens hus eller et sted som ikke er fritt tilgjengelig». Forbodet gjeld også den som «uberettiget forblir på et slikt».

No er det slik at dei fleste inngangsparti er fritt tilgjengelege. Aksjonistane hadde ei oppgåve og gjekk straks i frå staden då denne var utført. Dersom nokon kjenner på ubehag av å tenkje på dette, så beklagar me på det sterkaste. Men her er det inga lov som er blitt broten. Ein kan og leggje til grunn «forbruketilsynet si rettleiing for levering av uadressert reklame og gratis aviser».

Aksjonistane la flagg på trapper med ein informasjonsblankett om aksjonen. Folk hadde då to alternativ. Anten støttar dei eller så støttar dei ikkje. Me legg oss ikkje opp i kva folk måtte velje, ein er fri til å ta eigne val. Når sant skal seiast, så er det greitt at politikarar kjem på døra til folk med partiprogramma, eller religiøse organisasjonar bankar på døra di med sitt gode bodskap? Denne aksjonen der me la flagga på trappene til private bustader er ikkje så mykje annleis enn desse andre som kjem å ringjer på døra di.

I anledninga Pride vaiar regnbogeflagget kvart år på festivalar over heile landet. Ulike bedrifter fargelegg logoane sine i regnbogefargar. Dette er noko som gjev oss tru på at kampen er ferdig kjempa. Men, me må ikkje gløyme at fram til 1982 var homofili rekna som ein sjukdomsdiagnose i Noreg. Dessutan var det ikkje før i 2009 at lesbiske og homofile fekk lov til å gifta seg.

Seinast natt til onsdag 28/8 blei eit regnbogeflagg fjerna av ukjende personar. På kulturhuset og den vidaregåande skule i Sykkylven heisa dei regnbogeflagget for å vise støtte til Ålesund Pride. Framleis blir kampen for å elska den ein vil, kjempa. Den blir kjempa både i Noreg og ute i verda. I 2018 offentliggjorde politiet ein rapport som visar at hatkriminalitet er aukande. Sidan 2015 er det registret ein auke på heile 66%. Av desse er 20% retta mot lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LHBT).

Syns de verkeleg at det er å overdriva å reagera på ei hending i ei lita bygd i Noreg? For den jenta eller den guten som er redd for å vere annleis betyr dette ALT!

Trond Enger,

generalsekretær i Human-Etisk Forbund

Trine Gravdal,

frivillig i Human-etisk forbund Stord