Digitalisering i skulen og resten av samfunnet er på full fart inn. Ill.
Digitalisering i skulen og resten av samfunnet er på full fart inn. Ill. Foto: Colorbox

Stem Bømlo Senterparti

Bømlo Senterparti vil jobbe hardt for å få etablert fiskerihavna i Hovlandshagen.

Det er næringsutviklig på sitt beste og er svært viktig for Bømlo som kommune. Det vil skape vekst i næringslivet på Bømlo og Sunnhordland og skape ringvirkninger i lokalsamfunnet. Å fortsette arbeidet som næringsvennleg kommune er viktig prioritering. Vekst i talet på arbeidsplasser og vekst i talet på innbyggjarar er viktig. Bømlo skal vera ein attraktiv kommune å bu i og samfunnsutviklinga må vera god.

Eg har jobba høgt oppe i systemet i fleire kommunar og har fort oppdaga at klimaplanen har vore plassert nederst i ei skuff. Med min bakgrunn innan miljø og klima, starta eg fort prosessen med å overbevise kommunane om å satse meir på miljø.

Kommunar har store muligheter for å få søke og få tildelt midler frå ulike instanser. Men det kreves at det blir prioritert å søke midler, det er ikkje store krav til søknadene. Ein kommune eg har jobba i har fått følgende klimasatsmidler frå Miljødirektoratet:

• Strategi for mobilitet og byrom kr 500.000

• 10 stk el-sykler til gratis bruk for innbyggere kr 155.000

• 10 stk ladestasjoner til kommunale tjenestebiler kr 200.000

Ein annan kommune eg har jobba i har fått desse klimasatsmidlane frå Miljødirektoratet:

• 10 stk el-sykler til gratis bruk for innbyggere kr 155.000

• Elektrisk feiebil kr 695.000

• Forprosjekt nybygg barnehage, miljø og massivtre kr 250.000

Bømlo kommune har søkt klimasatsmidler for nokre utradisjonelle elsyklar, dei fekk avslag. Prosjekta som det søkes midler til, må det vera stor grad av realisering i. Kvifor har ikkje Bømlo kommune engasjert seg meir i å søke slike midler? Eg vil jobbe hardt for å påvirke at Bømlo kommune søker ulike støtteordningar.

I 2020 kjem det ny læreplan i skulen, eg tenkjer at her blir det mykje digitalisering og endring av læreprosesser. Det er viktig å ha gode barne- og ungdomsskular, oppretthalde tilbodet av vidaregåande skular og utvikle nye linjer.

Med fersk kunnskap innan digitalisering for kommunar og privat næringsliv ved NTNU, var det svært kjekt å jobba i ei prosjektgruppe i digitalisering. Planen omfattar digitalisering i alle einingar i kommunen og har eit stort innsparingspotensial. Dei nasjonale føringane i digitaliseringsrundskrivet gir oss klare signal. Men kommunar har ulik grad av digitalisering. Det har med pengar, ressursar og prioriteringar å gjera.

Regjeringa seier i Digitaliseringsrundskrivet at «Digitalisering handlar om å bruke teknologi til å fornye, forenkle og forbetre. Det handlar om å tilby tenester som er enkle å bruke, effektive og pålitelege. Digitalisering legger til rette for økt verdiskaping og innovasjon, og kan bidra til å auke produktiviteten i både privat og offentleg sektor.»

Digitalisering handlar om meir enn å implementere nye digitale løysingar og teknologi. Viktigare er det å endra prosedyrar og arbeidsmetodar i organisasjonen. Nye digitale løysingar skal vere verkemiddel som forenklar arbeidsdagen og tenesteytinga, men hovudendringa bør skje i organisasjonen og korleis me organiserer denne og arbeidskvardagen. Gode prosessar, drøftingar og kursing og skulering av tilsette er difor avgjerande for at måla skal nåast og gevinstar kunne realiserast. Alle arkiv bør scannes, mesteparten av all saksbehandling bør skje digitalt for å få raskare behandling, ei meir rettferdig behandling og billegare behandling, altså billegare saksbehandlingsgebyr.

Basert på KOSTRA-tal har konsulentselskapet Menon Economics utarbeidd ein rapport på innsparingspotensialet i norske kommunar. Rapporten er utarbeidd etter oppdrag av GET/TDC. Rapporten konkluderer at norske kommunar totalt kan hauste gevinstar på totalt mellom 100-250 milliardar kroner gjennom digitalisering dei neste ti åra. Selskapet peikar på at det å lukkast med digitaliseringstiltak er eitt av dei viktigaste verktøya kommunane har for å møte utfordringar som anstrengt kommuneøkonomi, høgare krav frå innbyggjarar, og auka krav og behov for tenester.

Eit anna område mange kommunar har hatt stor suksess med er reduksjon av straumforbruk for gatelys. Ved å erstatte eldre lamper og optimalisere bruk av gatelys kan kommunar hente ut opptil 70 % reduksjon i energiforbruk og 50 % reduksjon i drifts og vedlikeholdskostnader (Kommunal- og moderniseringsdepartementet, 2009). Kvart år brukes rundt 800 millioner kroner på straum til gatebelysning i Norge. Å investere i LED gatelys vil gi ei billegare drift.

Enova kan gi støtte til relevante energieffektiviseringstiltak i kommunale bygg, det er viktig å kartlegge behova og få lagt inn dei ulike energieffektiviseringstiltaka i investeringsplanen for å få ei billegare drift.

Velferdsteknologi er i stadig utvikling, kommunale helsetjenester ved hjelp av digitale plattformer og teknologi kan la eldre bu lenger heima, noko som sparer samfunnet for store summar.

Kommunar har eit ansvar når samfunn planlegges. Mobilitetsanalyser er in i tida. Få fleire til å sykle og gå, utvikle byggefelt i nærleiken av sentrum og tettstader med tett infrastruktur mellom skular, butikkar, turløyper, sikre gang- og sykkelvegar. Viktig at ban kan ferdes trygt! Bilen kan parkeres oftare og ein bruker kroppen for å koma seg fram og får god folkehelse. Det blir ein vinn- vinn situasjon for kvar enkelt og for kommunen. På sikt kan dette føre til at eldre får god helse og kan bu lengre heima, noko som sparer samfunnet for store summar.

Å jobbe for ein sikrare skuleveg og vedta innføring av hjertesone, synes eg er ein viktig prioritering. Fleire kommunar har vedtatt dette og det gir fleire moglegheiter til å få tildelt trafikksikringspenger. Hjertesone vil i praksis vera ei hjertesone rundt skulen som gjer vegen sikrare for at elevane kan gå eller sykla. Foreldra leverer og henter barna på avtalte hentesoner utanfor hjertesonen. Les meir på www.tryggtrafikk.no/skole/hjertesone

Stem Bømlo Senterparti!

Godt val!

Randi Karin Habbestad

4.kandidat Bømlo Senterparti