Takk for innsatsen, her er eit styreverv!

Politikarar har ein tendens til å velje blant sine eigne når ein vel styremedlem til dei ulike selskapa kommunen har eigarskap i.

Eit kjapt søk på www.proff.no viser at det er aktive eller tidlegare politikarar frå ulike parti som sitter i dei fleste styra i kommunale selskap, som alle har til felles at dei er innstilt frå valnemda og valgt av kommunestyret.

Eg skal ikkje spekulere i kor vidt dei ulike er fagleg skikka til å inneha dei ulike verva, men det er underleg då ektemannen til gruppeleiaren for det største partiet, og forsåvidt nestleiaren til valnemda, har blitt innstilt som styreleiar for eit kommunalt selskap, leiarar, nestleiarar og gruppeleiarar i dei ulike partia vert valde inn i alt frå styret til kulturhuset og Bømlo vatn og avløp.

Det skal leggast til at denne ektemannen har vore styreleiar i dette kommunale selskapet frå det blei oppretta i 2008, men poenget står likevel, meiner eg. Burde ein ikkje sett at som gruppeleiar for det største partiet i kommunen er det uheldig at ektemannen vert innstilt av valnemda, som ein sjølv er nestleiar i, både i januar 2016 og mars 2018?

Enkelte gonger har vi høyrt «styremedlemmet ønskjer sjølv å fortsette» frå valnemda. Det er forsåvidt fint og flott det, men kommunen som eigar må òg spørje seg om personen som står på val er skikka til å fortsetje slik situasjonen i selskapa er. Og då enkelte innehar slike verv i 10-15 år, kan ein spørje seg om det ikkje finnes ein til blant våre 11.900 innbyggjarar som òg kan vera skikka til det vervet, men som valnemda ikkje kjenner til. Endringar i dagens marknad skjer fort, og det krever òg ny kompetanse i styreromma.

Karmøy kommune har heile tida under ledige stillingar ute ei lenkje der innbyggjarane frivillig kan registere sine CV-ar slik dei kan bli innstilt frå valnemda til ulike styreverv i selskap kommunen eig i. Då slepp ein at ektefeller, tidlegare politikarar eller noverande politikarar anten tilfeldig eller styrt, ramlar inn i dei ulike styreverva kommunen eig i. Og det er sjølvsagt slik at i enkelte av selskapa kommunen eig i treng ein politisk styring. I desse selskapa har vi for vane å velje ordføraren vår, så det er ikkje desse selskapa eg snakkar om.

Karmøy kommune gjer det mogleg for alle innbyggjarane sine til å ta del i styreverva i dei kommunale selskapa. Dette kan vera svært positivt for ein nyutdanna økonom, ingeniør, læraren som har tatt deltidsstudier innan eigedomsforvaltning, eller berre ein vanleg innbyggjarar som ikkje har engasjert seg i politikken, men som ynskjer å bidra til ein bedre kommune gjennom eit styreverv i eit kommunalt selskap. På denne måten er vi med å få enda fleire driftige folk i vakker natur!

Er du samd med meg at Bømlo kommune bør opprette ein base for frivllig registrering av CV for dei som ynskjer verv i selskap kommunen eig i, og ikkje berre velje blant sine eigne då styreverv i selskap kommunen eig i skal delast ut? For å kunne gjere det treng eg hjelp frå deg!

Viss eg skal kunne føreslå dette, treng eg at du gir meg ei personstemme, uavhengig av kva parti du skal stemme på.

Og aller helst, stem Høgre og kryss 18!

Arne Lodden Vikse,

Bømlo Høgre, 18.kandidat