Redaktøren: Mona Terjesen er redaktør i Bømlo-nytt. Arkivfoto. Foto: privat

Takk til dokker, sju av ti!

I desse digitale tider er me opptekne av tal i vår bransje. No skal stadig meir skje på nett, og me har verktøy som fortel oss kva som blir lese og kva som ikkje blir det. Det er fint å kunne følgje med, for me vil sjølvsagt at dokker lesarar skal få det dokker ønsker i lokalavisa. Både på nett og papir.

Nyleg viste tala våre at heile sju av ti bømlingar les Bømlo-nytt! Det er faktisk ganske så imponerande og flott. Langt fleire enn for svært mange andre aviser. Det viser at me er heldige, at me har innbyggarar som sett pris på det lokale talerøyret, som nyttar oss, følgjer med, engasjerer og bryr seg. Takk skal dokker ha.

Så får me også gi oss sjølve eit lite klapp på skuldra. For det viser også at me gjer ein jobb som blir sett pris på. At me, med den litle staben me har, klarer å dekke eit behov.

Me jaktar heile tida på dei gode, lokale sakene som engasjerer - og då er me også heilt avhengige av gode tips. Me får allereie inn mange, men sett pris på enda fleire. Om det er nokon som driv med noko spesielt, skjer det noko - smått og stort, så tips oss. Her ein dag kom det to gutar litt spontant innom lokala våre. Dei brann for å få skatepark til Bømlo. Slik sett me pris på - og slik blir det saker av.

For å kunne drive avis er me også avhengige av dokker lesarar, at dokker klikkar inn på sakene våre. Har abonnement og tilgang. Me ser at fleire kommenterer på Facebook at sakene burde vore opne for alle. Men slik er ikkje verda lengre. Me treng abonnentar om me skal eksistere.

Så nettopp derfor; som sagt, takk til dokker sju av ti som er trufaste lesarar av lokalavisa. Me kjem til å fortsette det gode arbeidet, så håper me at me neste år på leiarplass kan skrive: «Takk til dokker åtte av ti».