Foto: Arkivbilde

Vert det framdrift i Bømlopakken med Bømlo Høgre?

I lesarbrev den 21. august brukar Høgre sin ordførarkandidat Ragnfrid Sønstabø ordet «vissvass» om SV sitt utsagn om at det vert bråstopp i Bømlopakken dersom Høgre får det som dei vil. Attpåtil at det er ein grov påstand. Eg tenkjer ikkje påstanden frå SV var så veldig grov.

For kva er no Bømlo Høgre sitt syn og strategi?

Dei seier at søknaden vår må stå ved lag, men samstundes argumenterer Ragnfrid Sønstabø kraftig imot. Ho snakkar ned søknaden som dei sjølv har stemt for. Ho snakkar ned dei prinsippa som dei sjølv har vore samde om.

Og kven er desse nasjonale politikarane som ein kan snakke med for å endre søknaden? Dei må opp og fram i lyset. Er det dei same som skulle syte for at fiskerihamna kom med i forskotteringsordninga?

Endra søknad vil vere ein ny søknad og den skal ikkje berre handsamast i Bømlo, men også i Vestland fylke. Det vil ta tid og det inneber stogg i Bømlopakken, i beste fall i fleire år, i verste fall kjem vi aldri i gong igjen.

Det vil ikkje bli lett å få politisk semje om ei løysing der ein vidarefører dagens innkrevjingsmodell med høgare takstar, og spesielt ikkje internt i Bømlo Høgre ser det ut til. Med all respekt, det er ikkje mykje leiarskap å spore der, klarar ein ikkje halde laget samla i valkampen, så vert det ikkje enklare utover i perioden. Det er no ganske openberrt at Bømlo Høgre verken har strategi eller leiarskap til å halde framdrift i Bømlopakken.

Odd Harald Hovland

Ordførar