Fekk pris: Ren Sikt frå Bømlo og ein ny naturkostbutikk har fått pris av Atheno og Sparebanken Vest. Frå venstre: Simen Løland Aarskog, Jens Inge Ingvaldsen, Ole Jørgen Legård, Conny Bloch, Svein Ottesen og Agnete Braathen Foto: Aase Lilleskare Lund

Bømlingar fekk idépris

Atheno og Sparebanken Vest har gitt idéprisen til bømlingane Jens Inge Ingvaldsen og Ole Jørgen Legård i Ren Sikt. Førsteprisen er på 20.000 kroner.

Det melder Atheno og Sparebanken Vest i ei pressemelding. Tanken bak prisen er å støtte opp om nye og berekraftige idear. Ingvaldsen og Legård i Ren Sikt har utvikla ein spylarveskedispensar som gjer at ein kan fylle spylarvæske rett på tanken, i staden for å nytte eingongskanner.

Unødvendig plastavfall

Ideen til selskapet er kort og godt både å redusere transportbehovet og unngå mykje unødvendig plastavfall. Idéen med ein eigen spylarveskedispenser var så god at Ren Sikt stikk av med idéprisen som Atheno i samarbeid med Sparebanken Vest lyste ut for desember månad, heiter det i pressemeldinga.

— Dette er ein verdig vinnar i idékonkurransen, Ideen er gjennomførbar og enkel, og den vil gje gevinst i form av mindre emballasje og vesentleg redusert transportbehov av vatn. Idéhavarane er i gang med prototypetesting av ideen. Den kan og ha overføringsverdi til andre produkt. seier Agnete Braathen frå Atheno. Ho er del av idéjuryen saman med kollega Aase Lilleskare Lund og Svein Ottesen i Sparebanken Vest. Førsteprisen er på 20.000 kroner.

Førstepremie som inspirerer

Jens Inge Ingvaldsen i Ren Sikt seier prisen inspirerer til vidare satsing.

— Me synest det er stas å ta imot prisen og er både stolte og veldig takksame for anerkjenninga og støtta. Me gler oss over å kunne bidra til reduksjon av miljøpåverknaden, og håper konseptet blir tatt godt imot av publikum, seier han. Pengane vil dei nytte til vidareutviklinga av prototypen.

— I midten av desember sette me ut ein prototype hos Tanken på Frakkagjerd, og me er no i full gang med ytterlegare prototyping som me ønskjer å teste ut i Sunnhordland og Haugalandsområdet denne vinteren. Førebels manglar me nokre få lokasjonar for plassering av dispenserane, og tek gladeleg imot tips frå publikum, seier kompanjong Ole Jørgen Legård.

Artikkelen held fram under annonsen.

Meir laussal i butikken

På andreplass kom Connie Bloch med ein premie på 10.000 kroner. Ho har laga eit nytt konsept for ein naturkostbutikk og endring av eksisterande butikk. Her skal mengda avfall reduserast med meir lausvektsal av daglegvarer innan mat og hygiene. Kundane blir oppmoda om å ta med emballasje heimanfrå for å redusere unødvendig bruk av plast. Her blir det også satsa på lokale produkt frå småprodusentar i regionen, heiter det.

— Det er kjekt å sjå at nye idear kan vere både enkle og gjennomførbare, og samstundes representere nye og berekraftige løysingar. Me set pris på at me saman med Atheno kan vere med og motivere til idéutvikling som styrkar lokalt næringsliv, avsluttar Simen Løland Aarskog, regionsdirektør i Sparebanken Vest.