Har fått sertifikat: Driftsdirektør André Høyset og energi og miljøansvarleg Joakim Kjølleberg (begge Fjord1), syner fram det nye sertifikatet. Foto: Fjord 1

Grønt ISO-sertifikat til Fjord1

Fjord 1 har som det første ferjeselskapet i Noreg fått eit grønt sertifikat som syner at selskapet har system for god og framtidsretta energileiing.

Det melder selskapet i ei pressemelding. Det står å lesa at Fjord1 er sertifisert i samsvar med sertifiseringsstandarden ISO 50001: Energileiingssystem. Ei viktig føresetnad for sertifiseringa er sjølvsagt dei nye el-ferjene til reiarlaget. I løpet av året har selskapet 30 slike i drift. Like viktig er likevel måten reiarlaget jobbar på i det daglege.

– Grunnsteinen i energileiing er kontinuerleg forbetring av energiforbruk og lågare miljøbelastning, som bidreg til miljøvennleg og lønsam drift, heiter det i pressemeldinga.

Viktig steg for Fjord1

Reiarlaget ser på ISO-sertifiseringa (International Organization for Standardization) som eit viktig steg i høve selskapet sin berekraftstrategi og vekt på samfunnsansvar. Sertifikatet set mellom anna som krav at reiarlaget jobbar systematisk med datainnsamling, kompetanse, kommunikasjon og revisjon. Energi- og miljøansvarleg i Fjord1, Joakim Kjølleberg, omtalar sertifiseringa som ein milepåle for reiarlaget.

– Fjord1 ønskjer beste praksis og dei gode ideane for å nå lågare energiforbruk. Difor har ISO 50001-sertifiseringa vore ei målsetjing lenge. For Fjord1 blir energibruk noko me blir tett målte på, og me skal ha eit godt rammeverk som alle tilsette kjenner til og tek i bruk i åra som kjem. Det er difor stor stas for Fjord1 å ta imot denne sertifiseringa, og samstundes sjå at me held fram som det leiande ferjeselskapet innan det grøne skiftet, uttaler han.

Sertifisert av DNV GL

Det er selskapet DNV GL som har stått bak sertifiseringa. Siv Emanuelsen er kommersiell direktør i DNV GL - Business Assurance i Noreg. Ho poengterer i pressemeldinga at Fjord1 tek eit viktig steg innanfor berekraftig utvikling med å gjennomføre denne sertifiseringa.

- Me i DNV GL er stolte av å ha sertifisert Fjord1 etter standarden for energileiing, som det første ferjeselskapet i Noreg! Med dette styrkar Fjord1 sin posisjon innan grøn skipsfart, og stadfestar sin langsiktige energistrategi. Det gler oss at Fjord1 gjer desse grepa, som og vitnar om god forankring av kontinuerleg forbetring av selskapet sin energiprestasjon i heile organisasjonen og leiinga, seier ho,

Held fram satsinga

Driftsdirektør i Fjord1 er André Høyset. Han strekar under at reiarlaget vil halde fram med å ha store ambisjonar i høve berekraft og miljø også i framtida:

– Me skal ta vare på klimaet vårt, og Fjord1 skal gjere det beste for å minimere karbonavtrykket med drift på fjordane. For å nå desse ambisjonane må me ha dei beste verktøya for å planleggje, gjennomføre, måle og løpande forbetre energibruken og karbonavtrykket. Med denne sertifiseringa vil alle tilsette i selskapet få energi og miljø på dagsorden i det daglege arbeidet. Me girar om med reduksjonar inntil 95 prosent lågare CO₂-utslepp på dei 30 el-ferjene som er i drift i løpet av året.

Les også
Stoppar all manuell billettering
BØMLAFJORD: Den eine av dei nye ferjene går i ferjesambandet Langevåg-Buavåg. Arkivfoto. Foto: Geir Einarsen