Viking Neptun: Eidesvik Offshore har fått ny kontrakt på skipet "Viking Neptun". Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Ny kontrakt til «Viking Neptun»

Eidesvik Offshore har skrive kontrakt med Havfram AS for konstruksjonsskipet «Viking Neptun».

Det melder reiarlaget i ei pressemelding. Kontrakten, som startar opp i byrjinga av januar neste år, er inngått med selskapet Havfram AS. Den faste delen av kontrakten varer til utgangen av tredje kvartal 2022. Kontrakten inneheld også opsjonar på forlenging.

Viktig kontrakt for Eidesvik

Administrerande direktør Jan Fredrik Meling i Eidesvik Offshore gir i pressemeldinga uttrykk for at satsinga på ein miljøvennleg og moderne flåte blir lagt merke til i marknaden.

— Me ser fram til å halde fram vårt gode samarbeid med Havfram, og ønskjer velkommen den aukande merksemda som klienten vår har med omsyn til miljøvennlege skip. Dette er heilt på linje med Eidesvik sin langsiktige strategi med omsyn til satsing på utsleppsreduserande teknologi om bord på våre skip. Kombinasjonen av å ta i bruk desse teknologiane, og vår evne til å drifte skip sikkert og effektivt, blir stadig viktigare når me skal sikre nytt arbeid til skipa våre, uttaler Meling.