Skaper ny møteplass: Atheno etablere over nyttår ein ny møteplass og eit bransjeretta program, delA, for aktørar i byggjebransjen. Rådgjevar Aase Lilleskare Lund og prosjektleiar Ole Jacob Eide i Atheno inviterer alle aktørar i byggebransjen til å delta. Foto: Håvard Hammarstrøm

Skaper møteplass for byggjebransjen

I ei krevjande tid for byggjebransjen etablerer Atheno no ein ny møteplass for næringa i Sunnhordland. Programmet har fått namnet delA.

Det opplyser Atheno i ei pressemelding. Årsaka til nyskapinga er signal Atheno har fått frå lokale aktørar i byggjebransjen. Dei går ut på at det for tida er krevjande å levere prosjekt med gode økonomiske marginar. Den nye møteplassen for næringa har Atheno kalla «Beste praksis». Stikkord for samlingane vil vera forbetringsgrep og framtidsretta bustadpolitikk.

Låg lønsemd og vanskeleg rekruttering

Tidlegare i år vart Atheno kontakta av ei verksemd som framheva nokre openberre utfordringar i byggjebransjen lokalt.

— Låg lønsemd på byggjeprosjekt, utfordringar med rekruttering av fagfolk og samhandling mellom ulike aktørar var nokre av momenta som kom fram. Då me i etterkant besøkte sju andre aktørar i Sunnhordland fekk me liknande svar. Felles for alle var at dei leita etter forbetringspotensial, fortel prosjektleiar i Atheno, Ole Jacob Eide.

God erfaring med møteplassar

Atheno håper eit nyoppretta program kalla delA kan gjere ein skilnad for dei som arbeider i lokal byggjebransje. delA kjem til å gå over tre samlingar i perioden januar til mars 2020. Første samling er 22. januar. Prosjektet blir til igjennom eit samarbeid mellom Atheno, lokale verksemder og Hordaland fylkeskommune.

— Då me vitja dei lokale verksemdene kom det fram at bransjen lokalt har svært få felles møteplassar der ein kan diskutere utfordringar og sjå på mogelegheiter saman. Me har veldig god erfaring med å leggje til rette for slike møteplassar for industrien i Sunnhordland, og ser ingen grunn til at ikkje dette også vil vere bra for byggjebransjen, seier rådgjevar i Atheno, Aase Lilleskare Lund.

Kan lære av kvarandre

Til samlingane har Atheno mellom anna invitert Bygg21, som er eit samarbeid mellom bygg- og eigedomsnæringa og statlege styresmakter. Eide meiner det er ein kjempefordel å kunne hente inn kompetansen i Bygg 21

— Ingen i Noreg sit med betre kompetanse til å fortelje om «beste praksis» for korleis ein kan realisere potensial knytt til produktivitet og berekraft enn Bygg 21. Det er min påstand. I tillegg har me fått med oss mange representantar frå lokale verksemder som vil halde innlegg om både utfordringar og mogelegheiter, og me vil setja av god tid til meiningsutveksling undervegs, seier han.

Lilleskare Lund legg til at Atheno med dette utfordrar lokale byggjebransjebedrifter i Sunnhordland til å ta utfordringa og delta på delA-programmet.

— Her blir høve til kompetansepåfyll, utviding av eige nettverk og høve til å sjå eit utvida mogelegheitsbilete.