Blir melde: Trugsmål om skuleskyting blir teke svært alvorleg, og blir politimelde. Dei som fremjer slike trugsmål kan bli straffa for det. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

13 trugsmål om skuleskyting på to veker

Berre i Sør-Vest politidistrikt er det komme inn 13 trugsmål om skuleskyting i løpet av dei siste 14 dagane. Ingen av trugsmåla har vore framsette mot skular i Stord lensmannsdistrikt.

Det opplyser politiet i ei pressemelding. Berre i dag, tysdag, er det komme inn 11 slike trugsmål på landsbasis. Trugsmåla blir i stor grad framsette mot skulane via sosiale media.

– Politiet ser svært alvorleg på desse trugsmåla. Kvar hending blir handtert og vurdert separat. Det går føre seg etterretning, både lokalt og nasjonalt, for å finne ut kven som står bak. Politiet har ei formeining om kva gruppering som står bak trugsmåla og kva motivet deira er, og me ser at mange av trugsmåla følgjer det same mønsteret, seier stabssjef i Sør-Vest politidistrikt, Håkon Strand.

Kan skape frykt

Politiet peikar på at det å komme med trugsmål om vald mot skular er ei svært alvorleg handling, sjølv om det ikkje er ein intensjon om å gjennomføre faktiske valdshandlingar.

– Det kan bidra til å skape utryggleik og frykt blant skoleelevar, føresette, tilsette og i nærmiljøet elles. Det er opp til skulane sjølve å vurdere om dei vil gjere eigne tiltak opp mot elevane, seier Strand.

Les også
Vellukka terrorøving på gamle BUS

Kan risikere fengselsstraff og erstatningsansvar

Berre dei siste to vekene har altså skular i Sør-Vest politidistrikt fått 13 trugsmål om skuleskyting. På landsbasis er talet 190. Etterforskinga blir koordinert av Sør-Øst politidistrikt, men blir i tillegg handtert fortløpande lokalt, opplyser politiet.

– Det er synd at slike grupperingar får høve til å spreie frykt på denne måten. Det er klart at dette er utfordrande, også fordi politiet bruker ein god del ressursar på dette arbeidet. Det er likevel viktig for oss å presisere at me vurderer tiltak for å tryggje elevar, tilsette og innbyggjarane for øvrig oppimot kvar hending, og at me følgjer utviklinga tett, understreker Strand, og han held fram:

– Å truge med valdelige aksjonar eller valdelege straffbare handlingar blir følgt opp av politiet. Ved å truge samfunnsinstitusjonar på denne måten risikerer ein ikkje berre eit straffeansvar, men også erstatningsansvar som følgje av dei økonomiske kostnadene slike hendingar har, legg Strand til.

– Er nokre av desse trugsmåla sette fram mot skular i Stord lensmanndistrikt, i kommunane Bømlo, Stord og Fitjar?

– Nei, det er dei ikkje, seier Strand til Bømlo-nytt. Det at mange av trugsmåla følgjer det samme mønsteret over heile landet gjer at trugsmåla ikkje treng vera sette fram lokalt, stadfester han.

I 2016 etterforska politiet trugsmål retta mot ein barnehage på Bømlo.