Politiet på plass: Politibil. Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

149 kilometer i timen i 80-sona

Ein motorsyklist mista førarkortet på Bømlo i natt.

Det melder Sør-Vest politidistrikt på Twitter. Motorsykkelen vart målt til 149 kilometer i timen i 80-sona på Bremnesvegen. På motorsykkelen sat ein mann i midten av 40-åra. Førarkortet vart beslaglagt på staden, og politiet har oppretta sak. Avisa Sunnhordland melder at mannen køyrte motorsykkel, og ikkje bil slik det først vart opplyst.