STÅR PÅ MED TESTING: Bømlo kommune oppmodar folk til å halda avstand og bruka munnbind, og ha låg terskel for å ta koronatest. Foto: Pressefoto

24 testar tekne i dag, laurdag

To av dei testa er nærkontaktar til personar med koronasmitte.

Førebels ingen nye smitta.

Bømlo kommune melder at status på koronasituasjonen i dag, Påskeaftan, er ingen nye smittetilfelle registrert.

I tillegg er det teke 24 nye testar, der to av desse er nærkontaktar.

Status i Haugesund:

Haugesund kommune melder om åtte nye smittetilfelle i dag, Påskeaftan.

Til saman er 301 personar i isolasjon.

1148 personar er i karantene.