Politiet på plass: Politipatruljane var ute og gav munnlege pålegg til ein del av natteranglarane, men hadde ikkje kapasitet til å reise ut til alle adressene. Foto: Håvard Hammarstrøm

25 meldingar om festing og uro

I løpet av natt til første påskedag fekk Sør-Vest politidistrikt inn 25 meldingar om forstyrring av nattero, festing og ordensforstyrringar.

Det melder politiet på Twitter i dag.

– Me har vore på fleire av stadene, men ikkje hatt kapasitet til alle. På Klepp vart ein 28 år gammal mann meld for ordensforstyrring. Me var på same adresse førre natt, står det å lesa. Helsedirektoratet seier til NRK at dei åtvarer mot festing med fleire enn fem personar til stades (sjå under)