Gamle BUS koronatest: N/A Foto: Ingvild Sjo

29. smittetilfellet registrert

Me er tilbake i flat smittetrend i Bømlo medan heile landet får strengare restriksjonar for å bekjempa aggressiv engelsk virusmutasjon.

Det siste smittetilfellet kom etter at ein person som var nærkontakt til smitta, testa seg på nyttårsaftan. Dermed fekk Bømlo sitt 29. tilfelle av covid-19. Det positive er at smittevegen er kjend, og at pila som viser kva trend me har på smitten i kommunen vår er tilbake på flat, i følgje vg.no. Her er det òg opplyst at det før nyttår var to koronapasientar med tilknyting til Bømlo innlagt ved sjukehus. Per i dag skal det vera ein person innlagt ved sjukehus.

Må ha avtale i rådhuset

Bømlo kommune bed publikum innstendig om å følgja smittevernråda, og nemner på informasjonssida si spesielt at dei innskjerpa besøksreglane ved institusjonar vert haldne.

Elles vil Bømlo symjehall vera stengd til og med 17. januar.

I tillegg vert rådhuset stengt for publikum, men ein kan avtala møte med sakshandsamar på førehand. Rådhuset stengjer òg kantina si.

Heile landet tek krafttak

Statsminister Erna Solberg gjekk i går, 3. januar, ut med nye restriksjonar for å dempa den nye smittebølgja, spesielt med tanke på nye virusmutasjonar som er påviste også i Noreg. Det er til no påvist 14 tilfelle av ein engelsk variant av viruset som er svært smittsam. Etter jul har færre testa seg, og samstundes med dette går andelen postitive testar opp, og det vil seia at smitten er på framgang.

I tillegg opplyser Bent Høye at kommunane treng tid og ressursar til å førebu og gjennomføre oppstart av vaksinasjonar. Ein bør difor halda lokale utbrot nede i denne tida.

På regjeringa.no er det opplyst at desse råda vil vara i 14 dagar frå i dag, 4. januar:

* Unngå å ha gjester heime. Vent 14 dagar med private besøk. Unnatak er naudsynte heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase.

Aleinebuande kan ha besøk eller gå på besøk med ein til to faste venner eller til ein fast husstand. Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort. Dette siste er nytt.

* Alle organiserte fritidsaktivitetar, idrettsaktivitetar, kulturarrangement og livssynssamlingar innandørs vert tilrådd utsett til etter 18. januar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette gjeld òg alle aktivitetar innandørs som samlar barn og unge på tvers av klassar/kohortar.

* Unngå alle reiser som ikkje er naudsynte i inn- og utland. Opphald på hytte med personar frå same husstand er framleis ikkje frårådd, innanfor dei lokale og nasjonale råd og reglar som gjeld.

* All undervisning og arrangement ved høgskular og fagskular blir digitale fram til 18. januar.

* Alle ungdomsskular og vidaregåande skular skal ha raudt nivå.

* Alle som har høve til det skal arbeide ved heimekontor.

* Alle kjøpesenter og butikkar bør innføra makstal på kundar i butikken slik at det er mogeleg å halda avstand, og dei skal ha adgangskontroll.

* Ein kan gjennomføra utandørs aktivitetar dersom det er mogeleg å halda god avstand.

* Private samankomstar skal ikkje ha meir enn fem personar utanfor eigen heim, til dømes ved fest i leigd lokale. Dersom ein er fleire enn fem i familien, kan alle sjølvsagt møtast der òg.

* Maks ti personar på innandørs arrangement. Men der det er fastmonterte sete kan ein samla 200 personar. Dei fleste av desse tilskipingane vil uansett ikkje vera i samråd med nasjonale smitteråd, og bør difor verta utsette eller avlyste.

* I gravferder er talet 50 personar.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Det er innført nasjonalt forbod mot skjenking av alkohol på serveringsstadar og arrangement.

* Den særlege regelen for kyrkjevandring er oppheva straks, i staden for 15. januar.