71 grader nord på Bømlo: Maria Solheim gjekk opp røyrgata på Bømlabrua. Foto: TVNorge/Matti Bernitz

71 grader nord frir til Bømlo igjen

– Kan skjønna det! seier Ragnfrid Sønstabø om «Norges tøffaste kjendis» som har invitert Bømlo kommune til å laga opplegg for reality-tv i august.

Saman med kommunikasjonsrådgjevar Simon Sortland er varaordførar Ragnfrid Sønstabø i ferd med å sy saman eit forslag som vonleg kan freista Nordisk Film TV til å leggja kursen mot Bømlo for å laga program for TVNorge.

– Me har eit snitt på 616.000 sjåarar, opplyser produsent Eirik Christoffer Hamre. Det er eit agn Sønstabø bit på.

– Ein veldig positiv og fin måte å setja Bømlo på kartet på, seier ho og tenkjer først og fremst på naturen denne gongen, sidan dei klatra i bruer sist dei var her. Det skulle vera rikeleg utfordringar både innan padling, sykling og klatring, og rikeleg med kuriosum, historikk og utfordringar i naturen. Sønstabø vedgår at dei har teke ein telefon til Brynjar Stautland i Kystguiden for å få gode råd.

71 grader nord på Bømlo: Programleiar Tom Stiansen til topps på Stordabrua under opptak i 2010. Foto: TVNorge/Matti Bernitz

– Så nå er me i gang, men det er ikkje berre å invitera heller, me må jo vita at me kan ta i mot eit produksjonsteam på 50 personar som skal ha tilrettelegging og anna, seier Sønstabø.

Overnatting lokalt

Målet med tv-serien er å gje det norske folk reiselyst i eige land. Serien har gått på TVNorge i 21 år, og intensjonen er å finna fram gode måtar å presentera kommunar på.

I invitasjonen fortel Hamre at deltakarane skal sova i telt, og dei treng tips til kvar dei kan telta. Crewet på kring 50 personar treng overnatting som har slik kapasitet.

– Mange overnattingsstader strekkjer seg tradisjonelt langt økonomisk for å ha oss på besøk. Hamre nemner campingplassar, hytter, motell og hotell. Crewet har med seg to kokkar og handlar mat lokalt.

– Finst det midlar i kommunen til å støtta ein lokal overnattingsstad som vil husa oss? lyder spørsmålet til slutt i invitasjonen. Nokon svarfrist har ikkje Nordisk Film TV sett, men ønskjer svar innan kort tid, for opptaka skal skje frå slutten av august til slutten av september. Det er Nordisk Film TV som avgjer om Bømlo vert med i serien etter at tilbod er motteke.