ill: N/A Foto: Camilla Hovstø

Andre tilfelle av korona på Bømlo

Det er no konstatert to tilfelle av COVID-19 på Bømlo. Vedkommande er i isolasjon.

Laurdag vart det konstatert enno eit tilfelle av korona på Bømlo.

– Bømlo har no to registrerte tilfelle. Tilfelle nummer to har relasjon til tilfelle nummer ein, og har vore isolert, opplyser Smittevernlege i Bømlo, Kjersti Follesø.

I sunnhordland er det no rapportert om 12 tilfelle. Dei er fordelt slik:

Bømlo: 2 (0,08 per 1000 innbyggjar)

Stord: 2 (0,11 per 1000 innbyggjar)

Fitjar: 1 (0,31 per 1000 innbyggjar)

Sveio: 1 (0,17 per 1000 innbyggjar)

Tysnes: 0 (0 per 1000 innbyggjar)

Kvinnherad: 2 (0,15 per 1000 innbyggjar)

Etne: 3 (0,74 per 1000 innbyggjar)

Artikkelen held fram under annonsen.

Austevoll: 1 (0,19 per 1000 innbyggjar)

Kjelde: vg.no