annonse

Antonov via Stord til Venezuela

Uvant syn
Uvant syn: Siste fly av denne flytypen vart produsert i 1993, og det blir stadig færre å sjå på vingane. Dette flyet er på veg til Venezuela (Foto: Thomas A. Hjelmen)
Produsert i Polen
Produsert i Polen: Her har fotografen fått audiens i cockpiten. Det må vera spesielt å fly denne gamle travaren heile vegen til Venezuela (Foto: Thomas A. Hjelmen)
Europa farvel
Europa farvel: Flyet skal ha ein makskapasitet på 15 passasjerar i tillegg til eit mannskap på to (Foto: Thomas A. Hjelmen)

Eit fly av typen Antonov An-28 mellomlanda på Stord på veg til Venezuela.

Håvard Hammarstrøm

Det opplyser Stord lufthamn Sørstokken til Bømlo-nytt. Flyet som er ute på ein skikkeleg langtur. Flyet har vore i ukrainsk eige og starta langturen i nettopp Ukraina. Derifrå gjekk turen nordover Örebro i Sverige, før flyet sette kursen vestover. Måndag 11. mars var altså turen kommen til Stord lufthamn Sørstokken.

Veteran

Flyet, som skal ha blitt bygd i 1991, skal ifølgje mannskapet om bord heilt til Venezuela i Sør-Amerika, og dei hadde med andre ord langt igjen då dei vitja Stord. Stord lufthamn Sørstokken skriv på nettsida si at flyet hadde lagt opp ei rute via Færøyene, Grønland, Canada og USA før dei når destinasjonen, eit Venezuela som i dag er i nyhendebiletet grunna djup krise i landet.

Propellfly

Av informasjon me finn på nettet om denne flytypen kan me lesa at dette turboprop propellflyet har vore ein populær arbeidshest som mellom anna er blitt nytta av Aeroflot. Flyet byggjer på flytypen Antonov An-14M. Det første flyet av denne typen var i lufta i 1969, men det byrjar å bli færre av dei som framleis er operative i dag. Av 191 fly av denne typen var det 16 som var operative i 2015, om me skal tru Wikipedia. Produksjonen vart etter kvart gjort på lisens i Polen.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.