Håkon Sønstabø med det fakturaliknande brevet som skal ha han til å betala 5.990 kroner til ei oppføring hos Onlineopplysningen. - Eg veit ikkje kva dette er for noko, seier Sønstabø om «fakturaen» som hadde «registreringsfrist» tysdag denne veka.
Håkon Sønstabø med det fakturaliknande brevet som skal ha han til å betala 5.990 kroner til ei oppføring hos Onlineopplysningen. - Eg veit ikkje kva dette er for noko, seier Sønstabø om «fakturaen» som hadde «registreringsfrist» tysdag denne veka. Foto: Nils-Tore Sele

Åtvarar mot rar «faktura»

Håkon Sønstabø på Hiskjo fekk noko som til forveksling såg ut som ein faktura med betalingsfrist. Men dette var ikkje ein rekning som må betalast.

Håkon Sønstabø på Hiskjo er som småbrukar registrert i Brønnøysundregistra. Det er årsaka til at han no har fått noko som liknar mistenkjeleg på ein faktura i posten.

Aldri online

Ved første augnekast kan det sjå ut til at dette er ein vanleg faktura med betalingsfrist. Brevet Sønstabø fekk i postkassa kjem frå eit selskap som heiter Onlineopplysningen. Det kunne sjå ut til at Sønstabø hadde tinga marknadsføring av verksemda si på internett til den nette sum av 5.990 kroner. Sønstabø, som verken har datamaskin eller internett i heimen, forstod at her var det noko som ikkje stemte.

Åtvarar

Sønstabø seier han kjenner til fleire som har fått same type brev. Også Bømlo-nytt har fått eit slikt brev i posten. Men er det svindel? Forbrukarombodet åtvarar mot Onlineopplysningen i eit oppslag iVerdens Gang i mars i år. Brev lik det Sønstabø og Bømlo-nytt har fått er sendt ut til ei rekkje små verksemder, enkeltmannsføretak, lag og organisasjonar. Jurist Eli Bævre seier tilVG at dei rår personar som tek kontakt til ikkje å betale. Ombodet kan lite gjera med sjølve utsendinga av desse breva. Forbrukarombodet er nemleg til for privatpersonar og ikkje verksemder.

«Reg.frist»

Onlineopplysningen seier i sin kommentar til VG at brevet dei sender ut er eit kampanjetilbod. Brevet inneheld verken fakturadato, kundenummer eller betalingsfrist. Dette er dermed ikkje ein faktura, men eit tilbod om annonsering på deira nettside. Dei som ønskjer å nytte seg av tilbodet deira kan betale innan registreringsfristen går ut. Difor står det også «Reg.frist» over datoen. Det blir også opplyst at dei som ikkje nyttar seg av tilbodet automatisk blir sletta frå deira system.

Kontakt selskapet

Det er fleire selskap som opererer på denne måten. Får ein denne type brev bør ein kontakte selskapet og gje beskjed om at ein ikkje har noko avtale med selskapet. Det som er sikkert er at mange går fem på. «I 2015 sende OnlineOpplysningen lignende tilbud til norske kommuner. 10 kommuner betalte, deriblant Alvdal, før de oppdaget at dette var et urettmessig krav», skriv VG, og syner til oppslag påTV2. Eit enkelt søk på «Bømlo» på denne nettstaden gir mange treff. Om alle desse har betalt for annonseplass er uvisst. Onlineopplysningen, som er registrert med adresse i Ski, omsette i 2014 for 1,27 millionar kroner.

Håkon Sønstabø eig ikkje anna datamaskin enn den han har inni hovudet, og har aldri bede om oppføring i Onlineopplysningen.
Håkon Sønstabø eig ikkje anna datamaskin enn den han har inni hovudet, og har aldri bede om oppføring i Onlineopplysningen. Foto: Nils-Tore Sele

Hol i lovverket

Trygg Handel uttaler tilDinside.no at marknadsføringslova burde endrast for å få bukt med dette problemet. I dag kan det sjå ut til at fleire selskap opererer i ei gråsone. Det er ingen tvil om at dette er tvilsam marknadsføring, men det er usikkert om det går under kategorien villeiande marknadsføring og er direkte ulovleg. Rett nok står det «Annonseprofil - kampanjetilbud» på brevet til Bømlo-nytt, men slik brevet er forma ut ser det ut som dette er noko som alt er tinga og som skal betalast. Forbrukarombodet rår uansett alle til å sjekke fakturaer nøye og passe på at ein ikkje betalar for noko ein ikkje har bestilt.

Rådet er ganske enkelt å ikkje betale det som ser ut som ein rekning frå Onlineopplysningen, med mindre ein då ønskjer å tinge annonseplass på nettsida deira.