Stord sjukehus: Arkivfoto Foto: Grethe Kjøsnes

Auke i sjukehusinnleggingar med korona

Ved sjukehuset i Haugesund er det fem pasientar innlagt med koronavirus. Ingen pasientar med koronavirus ligg på Stord sjukehus.

Ved Haugesund sjukehus er det no fem pasientar som er innlagt med koronavirus. Éin av desse får intensivbehandling, melder Helse Fonna i ei pressemelding.

Må utsetja mykje planlagt behandling

– Utviklinga er dessverre som venta, seier administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna. Han reknar med fleire innleggingar ved alle sjukehusa i føretaket den neste tida. I dag er status fem pasientar i Haugesund, der éin får intensivbehandling, éin pasient ved Odda sjukehus og ingen ved Stord sjukehus. Helse Fonna oppdaterer oversikten over pasientar kvar dag.

– Det er dette me har rigga oss for. No ser me at tiltaka våre har vore nødvendige, seier Klausen og forklarar korleis Helse Fonna har førebudd seg på å ta i mot eit større tal pasientar med koronavirus:

– Me har oppretta kohortavdelingar ved alle våre sjukehus, der vi samlar pasientar med koronavirus. For å få dette til har vi lagt om drifta ved mange andre avdelingar. Me har flytta både utstyr og personell og bygd midlertidige veggar og inngangar. Ikkje minst har me måtta utsette mykje planlagt behandling, som dessverre går ut over andre pasientar som no må venta, fortel den administrerande direktøren.

Dei fleste er eldre

Pasientar som blir lagt inn har gjerne dei kjente symptoma som hoste, feber og tungpust. Vanleg behandling for pasientar som ikkje treng intensivbehandling er enkel pustestøtte med oksygentilskot, tilføring av væske, behandling for bakterielle infeksjonar eller behandling av andre tilstandar som er relaterte til den sjukdomen dei hadde frå før. Dersom ein pasient treng intensivbehandling, kan vedkomande ha behov for meir avansert pustehjelp eller behandling og nøye overvaking av andre kritiske funksjonar i kroppen som nyrer eller hjarte.

– Biletet me ser stemmer overeins med det norske helsemyndigheiter har sagt og med det som er kjent frå dei studiene som til no er publiserte. I den første fasen no ser me eit stort aldersspenn på pasientane som er innlagde, og fleire pasientar er under 60 år. Av dei som blir hardt ramma, er dei fleste eldre eller personar som frå før har ein kronisk sjukdom, seier Klausen.