Bømlo brann og redning rykte ut med båt då det kom inn melding om båtbrann fredag i førre veke
Bømlo brann og redning rykte ut med båt då det kom inn melding om båtbrann fredag i førre veke Foto: Håvard Hammarstrøm

Båt totalskadd i brann

Bømlo brann og redning rykte fredag ettermiddag ut etter melding om båtbrann ved Hisøy. To personar i båten berga seg over i ein gummibåt. Båten som brann vart totalskadd og søkkte.

Det var 110 Sørvest på Twitter som først melde om brannen, nokre minutt over klokka 1600 fredag ettermiddag. Meldinga gjekk ut på at ein båt med to personar om bord hadde teke fyr og stod i brann. Alt tilgjengeleg mannskap rykte ut frå brannstasjonen på Svortland til Rolvsnes. Her fekk brannvesenet hjelp frå lokalbefolkninga som kom til med i alt fire båtar som brannvesenet kunne nytte. Ambulanse vart også kalla ut, men snudde då det kom melding om at dei to som var om bord i båten hadde klart å ta seg over i ein gummibåt og var fysisk uskadde.

– Båten kunne me ikkje berge. Den stod i full fyr og var i ferd med å søkkje då me kom fram, opplyser innsatsleiar i Bømlo brann og redning, Jens Helge Habbestad, til Bømlo-nytt. Han uttrykkjer takksemd overfor dei som stilte opp med båtar til brannvesenet.

– Dei fortener ein stor takk. Dei er viktige. Utan lokalfolket hadde me slite i mange tilfelle, seier Habbestad.

Ligg på 12 meters djupne

Båten skal ha gått ned søraust for Vassøy og nord for Hisøy.

– Kan du seie noko om kva type båt det var som brann?

Innsatsleiar Jens Helge Habbestad melder inn koordinata der båten gjekk ned til sentralen.
Innsatsleiar Jens Helge Habbestad melder inn koordinata der båten gjekk ned til sentralen. Foto: Håvard Hammarstrøm
Innsatsleiar Jens Helge Habbestad snakkar her med brannmannskapa som er ute ved Hisøy
Innsatsleiar Jens Helge Habbestad snakkar her med brannmannskapa som er ute ved Hisøy Foto: Håvard Hammarstrøm

– Det var ein 23 fot stor båt med innbords motor. Uvisst om det var bensin eller diesel. No ligg båtrestane på 12 meters djupne, svarer Habbestad.

Brannmannskapet merka av staden der båten gjekk ned, og politiet fekk oppgitt koordinat for staden. Brannårsaka er så langt ikkje kjent.

Det har ikkje lukkast Bømlo-nytt å få kontakt med politiets operasjonssentral i Stavanger i ettermiddag og kveld.

AvisaSunnhordland skriv at ekteparet som var om bord i båten er heimehøyrande på Bømlo.

kl 16.02 bremnes brannstasjon rykker ut på melding om båtbrann område hisøy Bømlo kommune

— 110 Sør-Vest (@110SorVest)26. juli 2019