Avgrensingar: Helse Fonna ber folk avgrensa besøk til sjukehuset. Foto: Eirik Dankel

Ber folk avgrensa besøk til sjukehusa

Besøksforbodet ved Stord sjukehus held fram inntil vidare. No ber Helse Fonna alle vurdera i kva grad eit besøk på eit av Helse Fonna sine sjukehus eller DPS er naudsynt.

Stord sjukehus har hatt tre innlagde pasientar grunna korona. Måndag vart to av dei skrivne ut, slik at det berre er éin pasient med påvist covid-19 innlagt på Stord sjukehus per i dag. Helse Fonna kan melda at besøksforbodet framleis vil gjelda, men at det vil bli fortløpande vurdert.

– Helse Fonna ber samstundes publikum om å avgrense besøk ved føretaket sine sjukehus og DPS-ar, og minner om besøksreglane, skriv Helse Fonna i ein pressemelding.

Besøksreglar:

* Alle besøkjande skal få spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.

* Besøkjande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon, eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.

* Pasientar med uavklart covid-19 skal ikkje ha besøk.

* Besøkstid er mellom kl. 16.00 og 17.30 alle dagar.

* Besøkjande må utføre god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Dei må informerast om å halde 1 meter avstand.

* 1 besøkjande per pasient

* Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom

* Besøk inntil 1 time på enkeltrom

* Unnatak kan gjerast dersom det er strengt nødvendig.