Koronasmitte: Så lenge det er uavklart smittesituasjon både på Stord og Bømlo rår smittevernlege Kjerstil Follesø (biletet) til å unngå å samlast mange på same stad. Arkivfoto. Foto: Carina Wangensten

Ber ungdom halde seg heime

Smittevernlege og kommuneoverlege Kjersti Follesø har ein bøn til ungdom på Bømlo om at dei held seg heime denne helga.

Fredag kveld kom meldinga om at ein elev med praksis på Bømlo bu- og helsesenter (BBH) hadde testa positivt på covid-19. Kommunen sette umiddelbart i verk tiltak, der fleire tilsette på den aktuelle avdelinga og bebuarar vart sette i karantene. Samstundes starta også smittesporing og testing av nærkontaktar. Det er innført besøksforbod på BBH som i første omgang gjeld til ut dagen på måndag.

Håper på begrensa utbrot

Follesø seier til Bømlo-nytt i middagstider laurdag at dei no avventer svar på prøvene som er sendte til Haukeland universitetssjukehus for analyse. Desse vil gje svar på om fleire er smitta. Smittevernlegen håper tiltaka som er sette i verk bidreg til å avgrense smitten.

– Er det mange tilsette på BBH som er sette i karantene?

– Det er nokre. Me har sett i verk tiltak og har sett inn personell med gode smittevernrutiner, svarer Follesø. Ho forsikrar såleis at bebuarane i den aktuelle etasjen på BBH er godt tekne vare på. Follesø forklarer at det har blitt rutine at personell på BBH berre jobbar i ein etasje.

Bør vurdere å avlyse

Smittevernlegen seier det så langt ikkje er aktuelt å stenge ned samfunnet. Fleire postar på Facebook syner likevel at idrettslag vel å avlyse arrangement denne helga etter samråd med kommuneoverlegen.

– Me har råda til å avlyse grunna smittesituasjonen på Stord, der det er smittespreiing som dei ikkje har kontroll på. Me er ein del av ein felles arbeidsregion, og har elevar som går på dei same skulane. I ein slik situasjon, der det ikkje er full kontroll på smitten, vil det ikkje overraske om det kjem fleire smittetilfelle. Då er det fornuftig å unngå stader med mykje folk, seier ho og legg til:

– Me vil særskilt oppmode ungdom til å halde seg heime. Dei kan vere smitta utan å vite det, seier Follesø. Ho seier det det likevel må bli opp til kvar einskild arrangør å vurdere om deira arrangement bør avlysast.

Opnar koronatelefonen

Avslutningsvis seier Follesø at kommunen i morgon, sundag, opnar koronatelefonen mellom 13 og 17. Dersom ein kjenner på symptom og lurer på om ein kan vere smitta, eller ein trur at ein har vore i kontakt med personar som har vore smitta av covid-19, så kan ein ta kontakt.

– Og besøksforbodet på BBH gjeld altså ut måndag i første omgang?

– Ja, då håper me at me å ha fått prøvesvara med ventar på og kan kome med ein statusoppdatering, svarer Follesø.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Me ber om at innbyggjarane no viser varsemd og føl smittevernreglane med å halde avstand, vaske hender og unngår store folkemengder. Saman skal me halde viruset på avstand! skriv Bømlo kommune på si Facebook-side laurdag.

🔺 VIKTIG - Etter auke smitteutbrotet på Stord og der ein praksiselev på Bømlo Bu og behandlingssenter har testa...

Posted by Bømlo kommune onLaurdag 24. oktober 2020
Les også
Besøksforbod innført på Bømlo bu- og helsesenter etter påvist tilfelle av covid-19

Høstquiz - AVLYST ‼️ Etter samtale med kommunen i dag ser vi oss nødt til å avlyse høstquiz i kveld grunnet uavklart...

Posted by Rubbestadnes Idrettslag onLaurdag 24. oktober 2020

Etter samtale med kommunelegen no i kveld blir Aktivitetsdag for 1.-3.-klasse og Barnebingo for 4.-7.-klasse UTSETT på...

Posted by Finnås Sportsklubb onFredag 23. oktober 2020