Politiet på plass: Politibil. Arkivfoto Foto: Håvard Hammarstrøm

Bil på taket på Giljevegen

Det er glatte vegar i morgontimane, og før klokka sju kom meldinga om at ein personbil hadde køyrd utfor vegen og hamna på taket.

Ulukke skal ha skjedd klokka 06.49 torsdag morgon. På Sætre langs Giljevegen, går det fram av ei melding frå Sør-Vest politidistrikt på twitter.

Det er svært glatt på staden og bilen ligg slik til at trafikken er sperra. Bilen skal ha hatt låg fart då uhellet skjedde. Førar kom uskadd frå hendinga, og er sjekka av ambulansepersonell. Bilberging er på veg, opplyser politiet.