Brann: Måndag melder politiet om bilbrann på Moster. Foto: Ingvild Sjo

Bilbrann på Moster

Klokka 19 Måndag kveld melder politiet om brann i ein bil på Moster.

— Meldt om bilbrann utanfor Kiwibutikken på Moster. Naudetatane er på veg til staden, skriv Politiet i Sør-Vest på Twitter.

Bilen hadde byrja å brenna under køyring. Det er ikkje meldt om personskadar.

— Brannen er sløkt, skriv politiet kvart over sju.

Brannsjef Ove Halleraker fortel tysdag føremiddag til Bømlo-nytt at bilen som brann, stod parkert i nærleiken av butikkinngangen. Alle som var i butikken vart evakuerte då svart røyk kom inn i lokalet.

– Me var heldige. Heldigvis var det ikkje parkert andre bilar ved sida av, for då kunne det gått verre. Me var også heldig med at det var kort veg frå brannstasjonen på Moster. Butikken ligg like over vegen, seier Halleraker.»