annonse

Billund-rute gav trafikkauke

Gode tal
Gode tal: Stord lufthamn Sørstokken og Danish Air Transport kan gle seg over gode trafikktal (Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv)

Satsing på sommarrute Stord-Billund-Stord gav trafikkauke på Stord lufthamn Sørstokken.

Håvard Hammarstrøm

Flyplassen melder på eigne nettsider at det i juli reiste 2.400 personar til eller frå Stord lufthamn Sørstokken. Samanlikna med i fjor tyder dette ei auke på 558 personar. Den svarer til ei prosentvis auke på pene 30,3 prosent.

Billund-ruta

Ei viktig forklaring på auken frå i fjor til i år er sjølvsagt at Danish Air Transport i år har hatt sommarrute mellom Stord og Billund i Danmark. Det er mange som har nytta seg av høvet til å reise til Legoland, eller berre rett og slett har teke seg ein svipptur til grannelandet i sør.

I løpet av sommaren har 439 personar nytta seg av dette tilbodet. Det gir ein kabinfaktor på 68 prosent, noko som er ganske bra. Siste avgang tur-retur Danmark går neste helg, står det å lesa.

Bra trafikk på Oslo-ruta

Men det er ikkje berre på sommarruta til Danmark det har vore god trafikk. Det har også vore fleire reisande mellom Stord lufthamn Sørstokken og Oslo lufthavn Gardermoen. Ved utgangen av juli hadde 21.759 personar reist mellom dei to flyplassane. Det gir ei trafikkauke i høve til i fjor på 4,1 prosent.

Totalt (inkludert sommarruta til Danmark) hadde det reist 22.085 personar via Stord lufthamn Sørstokken då me gjekk inn i august.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.