INFORMERER: Trude Randal og Johannes M. Sortland frå styret i Bømlo demensforening fortel om viktige aktivitetar for demente og deira pårørande i Bømlo. Foto: Lene Borgen Waage

Bli betre kjent med Bømlo demensforeining

Bømlo har fleire brukar- og pårørandeorganisasjonar. I rådgivar for folkehelse og frivilligheit si spalte i Bømlo-nytt om lag og organisasjonar, blir me her betre kjent med ein av desse, og møter Johannes M. Sortland og Trude Randal frå styret i Bømlo demensforeining.

Bømlo demensforeining er ein interesseorganisasjon for personar med demens og deira pårørande.

Stor trong for kurs

Johannes Sortland, Trude Randal og resten av styret har akkurat arrangert vårfest, som saman med adventsfest og storbasar er faste aktivitetar i laget.

– Det er viktig med arrangement som deltakarane kjenner seg igjen i med song, musikk og åresal. Dette vekkjer gode minner og deltakarar som kanskje ikkje elles pratar, syng med og kan teksten på rams! seier Johannes Sortland engasjert.

Trude Randal trekkjer vidare fram ein annan viktig aktivitet for laget: Pårørandekursa dei arrangerer i lag med kommunen.

– Det er eit stort behov for desse kursa: Fyrste gong me arrangerte var det 22 deltakarar, i haust var talet auka til 44. Og så samlar me inn pengar og ønska utstyr til Teiglandshagen, trivselshuset og andre tilbod retta mot demente. Slik kan brukarane der få glede av ulike ting som ein ikkje finn rom til på dei kommunale budsjetta.

Viktig at folk melder seg inn lokalt

Som for andre lag og organisasjonar er medlemstalet viktig. Dette styrer storleik på tilskot og gir grunnlag for gode aktivitetar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein del kvir seg for å bli med tidleg i sjukdomsforløpet, men me ser at det gir stor verdi å delta allereie då, særleg for dei pårørande. Og så ser me at ein del berre melder seg inn i den nasjonale foreininga og me ønskjer oss gjerne fleire medlemmar også her lokalt. Me er ein kjekk gjeng både i styret og i laget, med god fordeling mellom menn og kvinner og ønskjer oss gjerne idear og innspel i det vidare arbeidet. Om nokon lurar på korleis dei kan bli medlem, er dei velkomne til å ta kontakt!

– Har de ei oppfordring til andre lag og organisasjonar i Bømlo?

– Mange med demens deltek i lag og organisasjonar utan at det krev at nokon følgjer opp, men når det er behov for litt ekstra oppfølging er det mange som sluttar. Mange med demens opplever då at det blir veldig stilt. Ein har jo gjerne vore veldig aktiv både med jobb og aktivitetar. Det er ikkje alltid det passar at familie og andre pårørande er med. Om lag og organisasjonar vil samarbeide om å ta med seg demente på aktivitetar, hadde det vore veldig verdifullt!