FOLKEFEST: Folk på Bømlo i 2018 vart ein gedigen suksess. Store folkemengder samla seg over heile Svortland sentrum. Når det er duka festdag for lag og organisasjonar rundt Bømlo kulturhus, legg styret i Folk på Bømlo bak seg mykje godt arbeid. Foto: NILS-TORE SELE

Bli betre kjent med Folk på Bømlo

I rådgivar for folkehelse og frivilligheit si spalte om lag og organisasjonar i Bømlo, blir me i dag betre kjent med Folk på Bømlo. Arrangementet samlar om lag 50 ulike aktørar ved kulturhuset 21. mai, men kva organisasjon står bak?

Bak Folk på Bømlo ligg eit heilt år med planlegging. Det heile startar med årsmøte og evaluering før styret jobbar gjennom vinteren med god bruk av chattekanalar og ressursane dei har å spela på.

Eit engasjert styre

Anita Morlandstø frå styret fortel at dei vil gjerne ha med seg endå fleire til å forme korleis dagen skal sjå ut i åra som kjem:

– Me er heldige og har folk i styret som er gode på ulike ting og kjem frå forskjellege plassar. Felles for oss alle er at me vil laga ein festdag for lag og organisasjonar i kommunen vår.

Klar for nye idear

Vegen fram mot årets arrangement har vore lang og full av pandemiske humpar. No syns styret det var godt å planleggja noko som såg ut til å bli noko av.

– Me merkar at det er litt krevjande å starte opp etter ein lang pandemi, men også veldig motiverande. NRK-superbussen vart ei ekstra gåve til barn og unge som jo har vore mykje råka av pandemien og det var moro å få til.

Rundt neste sving ønskjer styret nye gode idear velkommen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me vil først og fremst visa kva me kan vera med på og kva bømlingane kan bruka fritida si på. Kanskje blir neste års arrangement i eit av dei andre lokalsentruma?

– Har de ei oppfordring til andre lag og organisasjonar i Bømlo?

Her er det opplagte svaret å delta på Folk på Bømlo, men styret løftar også fram samarbeid og å spela kvarandre gode.

– Ulike lag som finn saman byggjer ned barrierar og gjer det mindre skummelt å delta og engasjera seg. Alle ønskjer jo at ting blir brukt og å få deltakarar, og får me folk litt på tvers så blir det både fleire til å arrangera og.