EI GOD TID: Styret i Bømlo hageselskap gler seg over vårsol og mykje god aktivitet i laget som neste år kan feire 60 år på Bømlo, f.v. Annbjørg Sætre, Gunn Sissel Alfredsen og Kari Sjøvoll. Foto: Lene Borgen Waage

Bli betre kjent med Hageselskapet Bømlo

Gjennom heile 2022 vil rådgivar for folkehelse og frivilligheit i Bømlo intervjue store og små lag og organisasjonar i kommunen vår for å bli betre kjent.

Styret i Hageselskapet Bømlo har tatt plass mellom stiklingar og tørka ramslauk. Me er inne i den mest aktive tida på året.

Sosial interesseorganisasjon

– Hageselskapet er for dei som likar å sjå på blomar – og snakke om blomar. Fleire og fleire dyrkar også grønsaker no og det er stor interesse for å ta vare på dyr, insekt og bier. Ein treng ikkje ha ein kjempefin hage sjølv, seier leiar Gunn Sissel Alfredsen.

– Nokon er faktisk berre med for å få medlemsbladet, men for mange av oss er det sosiale viktigast seier Annbjørg Sætre. – Me reiser på turar i lag, både til gartneri og stader som Flor og Fjære, men også til private hagar, slik som me skal under markeringa av «vår dag» i frivilligheita sitt år, 8. juni. På turane blir det også ofte ein handlerunde – og god mat.

Plass til fleire

Hageselskapet i Bømlo har ei lang historie og har så vidt starta planlegginga av neste års 60-årsjubileum. Dei seinare åra har medlemstalet i laget auka.

– Det er om lag 70 medlemmar no, og me har plass til fleire og gjerne også unge folk. Noko av det som er så kjekt med hagelaget er all erfaringa medlemmane kan bidra med, seier Kari Sjøvoll. – Me byter både planter, laukar og erfaringar og det kan vera gull verdt!

Frøbibliotek og planteloppemarknad

Nytt av året er frøbiblioteket, i samarbeid med Bømlo folkebibliotek: – Det er kjekt å dyrke noko sjølv og me ville gjerne visa at ein kan sanka sine eigne frø, seier Kari Sjøvoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er billigare og berekraftig. Medlemmane våre har delt av sitt overskot, porsjonert i små dosar og alle som vil kan ta med seg ein pose og prøve seg. Det er absolutt ikkje noko krav å levera inn att frø, så folk må ikkje vera redd for å henta!

På Folk på Bømlo 21. mai har frø blitt til stiklingar og plantar og då blir det høve til å handla på Hageselskapet sin planteloppemarknad – om ønskjeleg også med gode råd og tips med på vegen.

– Har de ei oppfordring til andre lag og organisasjonar i Bømlo?

Alfredsen, Sætre og Sjøvoll treng ikkje lang tid på seg for å svara på spørsmålet:

– Det viktig å ikkje laga seg for mykje arbeid, slik at deltakarar og frivillige brenner seg ut og syns det blir for mykje. For oss er også samarbeidet med Hageselskapa i regionen viktig, då kan me til dømes få gode føredragshaldarar. Så har me eit veldig godt samarbeid med butikkane rundt oss, med leige av utstyr og gode tilbod. Og til sist så er det kjekt med samarbeid med andre lag og organisasjonar i Bømlo slik som under Folk på Bømlo – Me utfyller kvarandre og får til mykje bra til saman!