Verdsdagen for psykisk helse i 2020: - På tunge dagar er det viktig å vita at det alltid fins hjelp å få, oppmoda Bjarte Notland Tjensvoll då. Foto: Carina Wangensten Håvik

Bli betre kjent med Unge i psyken

Me har akkurat starta på 2022: Frivilligheita sitt år. Gjennom heile 2022 vil rådgivar for folkehelse og frivilligheit i Bømlo intervjue store og små lag og organisasjonar i kommunen vår for å bli betre kjent.

No skal de få bli betre kjent med ein heilt ny, men også godt etablert organisasjon: Unge i psyken. Unge i psyken spring ut frå driftige elevar ved Moster ungdomsskule, med elevrådsleiar Bjarte Notland Tjensvoll i spissen.

Kva er eigentleg Unge i psyken?

Gjennom fleire år har me hatt ulike aktivitetar. I fjor hadde me sommarcamp, me deltek på Operasjon dagsverk og Green Week. Når sjuandeklassingane skulle på leirskule, snakka me med dei om at det å grua seg var heilt normalt – For det er jo dessverre sånn at det er tabubelagt å grua seg og då meiner me det er bra at me elevane som har vore med på dette tidlegare kan snakke om dette. Og så markerer me verdsdagen for psykisk helse: I 2021 kom Marthe Valle til Moster og hadde føredrag for foreldra og konsert for oss i niende og tiende klasse.

Bjarte Notland Tjensvoll med resten av gjengen i Unge i psyken. Foto: Hans-Gunnar Skreslett

Korleis kom de på namnet på organisasjonen?

Ved inngangen av 2022 hadde me lyst til å satse litt ekstra. På ungdomsrådsamling i haust hadde nokre av oss vore med på eit opplegg som heiter Open Space – Det går ut på at alle deltakarane kjem opp med sine idear og så samlar ein seg rundt bord og får fram prosjektplanar. Me gjennomførte opplegget og ut kom det mellom anna eit nytt fotballspel på skulen og nytt namn på organisasjonen – For me har alle ei psykisk helse og då passar Unge i psyken bra.

Kven kan bli med i Unge i psyken?

Fram til no har me vore knytt til Moster skule, men til hausten byrjar fleire av oss på vidaregåande – og me vil jo fortsetja med å utvikla organisasjonen vår! Så no vil me gjerne at dette skal bli noko for alle på Bømlo. Og no har me nytt prosjekt på trappene som me har kalla for «Vær ein ven» - der vil me gjerne fortelja om mentale verktøy til elevar frå 5.-9. klasse. Så det er berre å ta kontakt for alle som vil vera med!

Har du ei oppfordring til andre lag og organisasjonar i Bømlo?

Ja! Engasjerer ein seg for noko ein vil vidareutvikla må ein satsa, det er viktig å jobba med det ein brenn for. Difor oppmodar eg andre lag og organisasjonar til og satsa for å nå ut til flest mogleg om det ein brenn for slik at andre også kan bli med å engasjera seg.

Artikkelen held fram under annonsen.