BlimE 2019
BlimE 2019 Foto: Carina Wangensten

BlimE på Svortland

Elevane på Svortland skule skapte fantastisk god stemning då dei dansa årets BlimE-dans i regnet på skuleplassen.

I går var den store BlimE-dagen. Då dansa elevar frå heile landet BlimE-dansen. Me fekk vera med på Svortland skule, der elevane trassa regnet for å dansa til Stina Talling sin sang: "Mer enn god nok".

Det kan ikkje seiast anna enn at dei mange elevane spreidde god stemning og auka humøret mange hakk med dans og glede i skulegården på Svortland.

BlimE er ein venskapskampanje som NRK har laga for å fremma venskap og omsorg for kvarandre. Det handlar om å føla seg inkludert, god nok som ein er og det å kunna stå opp for seg sjølv.