Kreftforeningen tok turen frå Bergen og Oslo for å delta å bli inspirert av arbeidet Løp for livet gjer. Maskoten deira Georg var med og delte ut solkrem, var springande stafettpinne og snakka med dei mange ungane som hadde tatt turen til torget på Svortland på laurdag. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

– Bømlo er eit førebilete for resten av landet

Det sa Morten Heszlein frå Kreftforeningen under Løp for livet som blei arrangert i sentrum på laurdag. Kreftforeningen stilte med eige lag, der deltakarane hadde reist frå Oslo og Bergen for å støtte opp under arrangementet og for å vise si takksemd.

Torget på Svortland vrimla av folk i det strålande vêret, laurdag formiddag. Delegasjonen frå Kreftforeiningen Bergen/Oslo var enkel å få auge på. Dei hadde nemleg med seg maskoten, Georg, ein særdeles høgreist sjiraff, som viste godt igjen blant alle dei som hadde møtt opp til Løp for livet sitt familie og bedriftsløp denne laurdagen. Gjengen frå Kreftforeininga hadde rigga seg opp med eigen stand der dei delte ut solkrem og snakka om førebygging. Og sjølvsagt skulle dei delta i løpet. Men mest av alt hadde dei tatt den lange turen til Bømlo for å seie takk.

Brukar Bømlo som eksempel

Delegasjonen frå Bergen og Oslo kan fortelje at det er godt å komme seg ut blant folk igjen etter to år med pandemi. Frå sentralt hald har dei merka seg at den tida me er inne i no byr på utfordringar når det kjem til arrangement og frivilligheit ute i samfunnet.

– Det er litt tungt å få ting i gang igjen. Det har vore to år i dvale for mange av arrangementa me har i heile landet, så det merkast at for mange, både dei som arrangerer og dei som deltek. Det tek tid å omstille seg til der me var før pandemien, seier Hege Olsen, seksjonsleiar i Kreftforeningen Oslo.

Dette er ein av grunnane til at dei ville komme til Bømlo. For delegasjonen er samde om at på Bømlo er ikkje dette relevant i det heile teke. Tvert om så er innsatsen til russen og heile samfunnet så sjølvgåande at Kreftforeininga vil bruke Bømlo som eksempel for resten av landet.

Blir lagt merke til

Aksjonsleiar Morten Heszlein (Bergen) forklarar at Kreftforeininga sentralt har gjort det i fleire år allereie. Men at dei no ville ta turen for å oppleve engasjementet og initiativet for å inspirere andre skular og instansar dei jobbar med for å samle inn pengar til kreftsaka.

– Når eg reiser rundt på skular i heile landet å snakkar om kva ein kan gjere for å samle inn pengar og korleis ein kan jobbe så er det alltid Bømlo me trekk fram. For eg trur ikkje at de på Bømlo eigentleg er klar over kor unike alle her er, og kva innsatsen betyr. Historia bak, korleis det heile byrja med elevar som ville hjelpe ein kreftsjuk medelev, og at me no så mange år etter kan vere vitne til at russen på Bømlo tek det som ei av dei viktigaste oppgåvene dei har den perioden dei er russ. Og det år etter år. Nei det er heilt unikt, og ein enorm inspirasjon for oss som jobbar med dette kvar einaste dag, seier han engasjert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Morten Heszlein i kvit t-skjorte: Aksjonsleiar frå Kreftforeningen i Bergen er imponert over det Løp for livet på Bømlo klarar å få til år etter år. Her i samtale med Mostradamene som og deltok i løpet Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

33 år med innsats frå heile Bømlosamfunnet

Resten av delegasjonen er samde med Heszlein og vil bruka opplevingar frå dagen som ein inspirasjon for andre. For å vise at ein i lag kan gjere ein stor skilnad i kampen mot kreften.

– For her på Bømlo er det jo ikkje berre russen. Her er opplegget så sjølvgåande og engasjementet frå både næringsliv og vanlege folk er så stort. Her kan me plukke mange tips og triks for å inspirere andre når dei ynskjer å arrangere noko for kreftsaka. For her på Bømlo har de fått det til, seier han.

Varm etappe for Georg

Så var det tid for sjølve løpet og eit lag med personar frå Kreftforeningen Bømlo, Bergen og Oslo skulle springe kvar sin etappe i kommunesenteret. Den største utfordringa for dei tilreisande var sjølve løypa. For kor er eigentleg Varhaug, og kva er Klippen? For ikkje å snakke om Krøllo? Heldigvis hadde folk møtt opp for å heie rundt løypa slik at heile laget fekk fullført løpet og fann enkelt fram til etappane.

Kreftforeningen: Stilte med lag beståande av leiarar frå Oslo, Bergen og medlemmer frå Bømlo då russen arrangerte bedrifts og familieløp i helga. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg

Det vart ikkje pallplassering på Kreftforeningen, men dei var strålande nøgd med å ha deltatt.

– For eit engasjement. Det sto folk å heia i løypene, og me får verkeleg sjå at dette arrangementet, denne jobben som russen gjer, den jobben står heile samfunnet bak. Og det er rørande og inspirerande, og absolutt verdt å ta turen for. Så no håpar eg Bømlo er stolte over ungdommane sine og seg sjølv, for jobben de gjer og innsatsen som ligg bak betyr så mykje for så mange. Kreftpasientar, pårørande, forskingsmiljøet og oss i Kreftforeninga er iallfall uendeleg takknemlege, seier aksjonsleiar Heszlein audmjuk etter å ha kryssa målstreken.

Maskoten Georg nikkar og seier seg einig med det resten av delegasjonen har fått fram, men har ei lita innvending heilt på slutten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fantastisk innsats, fantastisk arrangement, men ein smule varmt, seier den pelskledde sjiraffen som spurta inn i mål på ein fin niande plass for Kreftforeningen.

Varm sluttspurt: Det var ein varm etappe for Kreftforeningen sin maskot, Georg, som framleis var ikledd vinterpelsen. Foto: Hege Sønstabø Alvsvåg