Bømlo får 6,5 millionar kroner frå havbruksfondet i år
Bømlo får 6,5 millionar kroner frå havbruksfondet i år Foto: Håvard Hammarstrøm/Illustrasjonsfoto

Bømlo får 6,5 millionar kroner frå Havbruksfondet

No er det klart at Bømlo kommune får 6,5 millionar kroner frå Havbruksfondet i år.

Det går fram av ei pressemelding sendt ut av stortingsrepresentant Helge André Njåstad (FrP) på vegner av regjeringa.

Bømlo på andreplass

Det var venta at det ville komme inn betydeleg mindre pengar til kommunane frå fondet i år i høve til i fjor. Årets utbetaling er i realiteten ei restutbetaling frå 2018. Det vart betalt inn om lag fire milliardar kroner for nye løyve i 2018, og 80 prosent av dette blir utbetalt til kommunane og fylkeskommunane gjennom Havbruksfondet.

Oversikta over kva kommunane i Hordaland får i år syner, ikkje uventa, at Bømlo er blant dei kommunane som har fått mest pengar frå Havbruksfondet i år. Berre Kvinnherad kommune slår oss med i overkant av 6,9 millionar kroner. Masfjorden får tredje mest i vårt fylke med 4,67 millionar kroner. For å vera heilt nøyaktig får Bømlo 6.504.029,44 kroner i samband med utbetalinga denne veka.

45 millionar kroner totalt

– Den 24. oktober utbetalast det i overkant av 45 millionar kroner i Hordaland til oppdrettskommunar og fylkeskommunar gjennom Havbruksfondet. Det er ein del av inntektene frå sal av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2018 som utbetalast. Det er kommunar med lokalitetar til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i sjøvatn som tek imot midlar frå Havbruksfondet, heiter det i pressemeldinga.

458 millionar kroner

Alt i alt blir det i år fordelt 458 millionar kroner på 166 oppdrettskommunar- og 10 fylkeskommunar. Det aller meste går til kommunane, medan fylkeskommunane får rundt to prosent.

– Dette skuldast at det meste av årets utbetaling er ein rest frå 2018 som blir fordelt basert på litt andre prinsipp enn utbetalinga i 2019. Den største delen av årets utbetaling (260 millionar kroner) går til kommunar kor det er klarert nye lokalitetar eller der eksisterande lokalitetar har fått auka sin kapasitet, står det å lesa.

Viktige inntekter

Havbruksfondet som vart oppretta i 2016 har som mål å sikre havbruksfylke og -kommunar inntekter frå veksten i havbruksnæringa.

– Havbruksnæringa i Noreg har hatt ein eventyrleg vekst, og er ei særs viktig næring i distrikta og langs heile kysten, ikkje minst i min eigen heimkommune Bømlo, uttaler Knut Arild Hareide, (KRF).

Tom-Christer Nilsen (H) meiner det er rett og rimeleg at oppdrettskommunane får ta del i verdiskapinga.

– Det er både rett og viktig at kommunar som legg til rette for havbruk får ta del i den verdiskapinga som blir generert langs kysten. Difor er det ein sjølvfølgje at dei får ein kompensasjon for den jobben dei gjer med å leggja til rette for havbruksnæringa, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Havbruksfondet har eg kjempa for også i tida eg var ordførar. Då fekk me ingenting frå den raudgrøne regjeringa til kommunane. Det er difor ekstra hyggjeleg å no tilhøyre eit fleirtal som anerkjenner kommunane si viktige rolle for å leggja til rette for meir havbruk, uttaler Njåstad (FrP)

– Kystkommunane gjer ein viktig jobb som vertskap og legg til rette for næringa, og ikkje minst med å sikre at utviklinga er berekraftig. Dette gjer kommunane mellom anna ved å utarbeide kommuneplanar som syt for gode og trygge rammer. Det er viktig at kommunane får noko att frå den verdiskapinga dei legg til rette for, seier Terje Breivik (V).

havard@bomlo-nytt.no