annonse

Bømlo-nytt når (nesten) heile verda

Året så langt
Året så langt: Nettsidene til Bømlo-nytt har nådd ut til store delar av verda. Det kan vera reisande bømlingar på ferie eller i jobb, utflytta bømlingar, andre med tilknyting til Bømlo eller rett og slett saker med stikkord som har dukka opp på Google som har fatta interesse (Skjermdump frå Cxense) (Foto: )
Siste månad
Siste månad: Til samanlikning ser me her verdskartet for trafikk siste månad. Kvite felt er land utan sidevisningar (Skjermdump frå Cxense) (Foto: )

Kor les dei eigentleg Bømlo-nytt på nett?

Håvard Hammarstrøm

Det enkle svaret er over heile verda, sjølv om det finst nokre land der ingen har vore innom nettsidene våre. Aviser har i dag grei oversikt over trafikktal, og kor lesarane er inne og les saker på nettsider som www.bomlo-nytt.no. Sjølvsagt er det her i Noreg det er størst trafikk på nettsidene våre, men ser me til dømes på tala frå januar og fram til no i byrjinga av august er det ikkje mange kvite felt på verdskartet. Tala for nokre land er dessutan ganske interessante.

Blir lest i USA

Når talet på unike brukarar nærmar seg 108.000 og talet på sidevisningar halvannan million er ikkje dei tilsvarande tala utanfor landegrensene så store, men litt er det. Ein skulle gjerne ikkje tru at Bømlo-nytt blir lest med interesse i USA? Men det er godt mogeleg at norskamerikanarar, utflytta bømlingar, bømlingar som tidvis jobbar i USA og ferierande bømlingar likar å lese Bømlo-nytt i «uniten». Her er det i alle fall registrert over 4.000 unike brukarar og over 8,500 sidevisningar frå 1. januar til 6. august då me tok status til denne saka. Det er større tal enn i Sverige (vel 1.600 brukarar og om lag 7.900 sidevisningar. Kina og Russland har 15 unike brukarar til saman i denne perioden.

Blanke felt

Som ein kan sjå av kartet er det nokre kvite felt her og der. Det er nokre land i Afrika i tillegg til Grønland, eit par land i Asia, i Sør-Amerika, i Mellom-Amerika og i Oseania der ingen har vore innom www.bomlo-nytt.no, men elles har minst ein brukar i landet vore innom nettsidene våre sidan nyttår. Det tykkjer me sjølvsagt er stas. Finland peikar seg ut ved at 659 brukarar har nesten 14.000 sidevisningar. Dei som les oss i Finland les oss mykje. Om lag like mange har lese oss i Storbritannia, men dei har berre litt over 2.800 sidevisningar, Elles har me over 9.600 sidevisningar i Spania.

Facebook er viktig

Øvst tronar likevel Noreg med om lag 1,37 millionar sidevisningar fordelte på drygt 98.000 brukarar. Bremnes (Bømlo) tronar øvst her heime (om lag 402.000 sidevisningar) følgt av Oslo (om lag 261.000), og Stord (om lag 89.000 sidevisningar). Deretter følgjer Rubbestadneset, Haugesund, Stavanger og Mosterhamn.

Om du tenkjer etter: kor gjekk du inn på ei nettsak frå Bømlo-nytt sist? Var det via Facebook? Då er du ikkje åleine. Facebook var den inngangsporten flest vel. Om me legg saman www.bomlo-nytt.no på desktop og touch.bomlo-nytt.no (mobil og brett) var det likevel denne kanalen som var størst i perioden me har sett på. Det vil seie at ein har hatt Bømlo-nytt som startside, har hatt nettsida vår bokmerka/på app eller rett og slett har skrive inn adressa vår i adressefeltet.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.